Hopp til innhold

FN åtvarar Sudan mot å raide flyktningleir

Dei er allereie på flukt frå sine eigne styresmakter, og no fryktar innbyggjarane i flyktningleiren Kalma at sudanske styrker skal raide flyktningleiren deira. No vert Sudan åtvara av FN og AU om å ikkje gjennomføre planane.

SUDAN-DARFUR-UN

FN er til stades i Darfur, men klarer ikkje å stoppe borgarkrigen som har haldt på i over ti år. No åtvarar dei Sudan mot å gjennomføre eit planlagt raid i ein flyktningleir.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp

SUDAN-DARFUR-UNREST

Det er her i Kalma-leiren at Sudan planlegg å leite etter det dei meiner kriminelle som gøymer seg blant flyktningane.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp
Mideast Sudan

Det er mange flyktningleire i Darfur, der over to millionar menneske har flykta frå krigen som har herja i over ti år.

Foto: Albert Gonzalez Farran / Ap
SUDAN-DARFUR-UN

FN og AU er til stades med styrker, men dei fredstryggjande styrkane kan ikkje stoppe krigen åleine. Det er det dei krigande partane som må gjere.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp
Mideast Egypt Sudan Abdel-Fattah el-Sissi, Omar al-Bashir

Omar al-Bashir er etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag, skulda for folkemord og brot mot menneskerørsla.

Foto: Uncredited / Ap

Det er konkrete planar frå sudanske styrker om å gjennomføre eit raid mot flyktningleiren Kalma, som har fått FN og AU til å sende ut eit skriv der dei åtvarar Sudan.

I skrivet står det mellom anna at eit slikt raid kan føre til ei særs spent stemning i leiren, og at følgene kan bli alvorlege.

Det skal vere over 100 000 flyktningar i Kalma-leiren, og dei internt fordrive flyktningane er busette i leiren på grunn av dei pågåande kamphandlingane i Darfur. Væpna grupper som kjemper for eit uavhengig Darfur har lenge vore i konflikt med sudanske regjeringsstyrkar.

Sudan er skulda for etnisk reinsing i Darfur, og president Omar al-Bashir er mellom anna etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag, skulda for folkemord og brotsverk mot menneskerørsla. Det er særskild folkegruppene Fur, Zaghawa og Masalit som vert fofulgte.

– Massakre i 2008

På grunn av den skjøre tryggingssituasjonen i Darfur gjennomfører sudanske styresmakter raid i flyktningleirane frå tid til annan. Sudan er fleire gonger skulda for å drepe flyktningar på innsida av leiren. I 2008 skal det ha blitt gjennomført ein massakre i leiren, der minst 50 menneske vart drepne og 350 skadde.

Seinast i august vart Kalma-leiren i det sørlege Darfur invadert av rundt 40 pansra køyretøy. Bilane høyrde til sudanske styresmakter som meinte at det var naudsynt å gå til aksjon for å finne kriminelle som held til i leirane.

I meir enn tre timar skal regjeringsstyrkane ha leita rundt i leiren etter mistenkte, og bebuarane vart særs opprørte. Flyktningane som bur i leiren la i etterkant skulda på FN og AU, som saman organiserer Unamid-operasjonen i Darfur.

– Unamid-offiserar lova oss at regjeringsstyrkar ikkje skulle kome seg inn i Kalma-leiren. Dei sa at me kunne fjerne barrikadane me hadde sett opp rundt leiren. Etter at me fjerna barrikadane vart plutseleg leiren raida av tungt væpna soldatar, sa Saleh Eisa til radiokanalen Radio Dabanga etter angrepet i august.

FN: Fleire hundre tusen drepne

Bortimot to millionar menneske skal ha blitt drivne på flukt sidan kampane i Darfur starta for fullt i 2003. FN meiner det kan vere snakk om at fleire hundre tusen menneske har mista liva i kampane.

Men medan frigjeringskampen i Sør-Sudan enda i eit sjølvstendig land, så har kampane i Darfur halde fram, i skuggen av dei andre krigane i Afrika. Seinast i fjor flykta rundt 75 000 menneske frå Darfur og inn i Tsjad i løpet av berre to månader.

SISTE NYTT

Siste nytt