Hopp til innhold

FN advarer mot brutal fengseltortur av opposisjonelle i Venezuela

FN meiner styresmaktene i Venezuela driv med systematisk brot på menneskerettane.

TOPSHOT-VENEZUELA-CRISIS-OPPOSITION-PROTEST

BUCKSHOT: ein demonstrant viser fram tomme haglepatroner. Ifølgje FN har politiet skote med grove hagl av typen buckshot, som vanlegvis blir brukt til storviltjakt.

Foto: RONALDO SCHEMIDT / AFP

I mangel på respons frå styresmaktene, sende FN-høgkommissæren eit team til Venezuela for å gjere ei vurdering av situasjonen i sommar.

Konklusjonen er systematiske brot på menneskerettane.

Det er snakk om arrestasjon og tortur av demonstrantar og valdelege husransakingar.

– Overdriven bruk av makt

Dei 135 som er intervjua fortel om brutale tryggingsstyrkar, som nyttar tåregass og grovkalibra hagler utan varsel mot demonstrantane.

Vitne fortel at sikkerheitsstyrkane bruker vald for systematisk å spreie frykt, hindre folk frå å demonstrere og å knuse all opposisjon.

I rapporten blir det lagt til at styresmaktene sjeldan har fordømt hendingar der politiet eller nasjonalgarden har gått over streken.

Etterforskar 124 dødsfall

Riksadvokaten i Venezuela etterforskar 124 dødsfall i samband med demonstrasjonar, og kontoret har også gjeve informasjon til FN-teamet..

Ifølgje rapporten frå FN er sikkerheitsstyrkane ansvarlege for minst 46 av desse dødsfalla. Medan regjeringsvennlege væpna grupper er ansvarlege for 27 dødsfall.

Riksadvokat Luisa Ortega Diaz fekk nyleg sparken av nasjonalforsamlinga

TOPSHOT-VENEZUELA-CRISIS-OPPOSITION-PROTEST

KAMP PÅ LIV OG DØD: demonstrantar skjuler seg bak provisoriske skjold. 124 er døde i demonstrasjonane.

Foto: JUAN BARRETO / AFP

Fem tusen i fengsel

Sjølv om tala er usikre, meiner FN at over fem tusen personar har blitt vilkårleg arrestert i samband med demonstrasjonane.

Minst tusen av desse er framleis i fengsel, og truverdige vitne har fortalt at dei blir torturert og audmjuka med særs brutale metodar.

Brutal tortur

Ifølgje FN-rapporten har dei arresterte demonstrantane blitt lenka opp i taket etter handledda sine i lange periodar, og banka med køller medan dei var i handjern.

Dei har blitt kvelt med gass, og gjeve elektrisk støyt.

I nokre tilfeller har fangevaktarane trua med å drepe eller å seksuelt mishandle dei arresterte, eller slektningane deira.

FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra'ad al Hussein seier han samtidig er bekymra for dei mange husransakingane i Venezuela.

Politisk uro

Venezuela har vore prega av politisk uro sidan april. Det oljerike landet slit med hyperinflasjon, aukande kriminalitet, arbeidsløyse, mangel på medisinar og matvarer.

Venezuelas president Nicolás Maduro er fast bestemt på å halde seg ved makta.

SISTE NYTT

Siste nytt