Hopp til innhold

– Det er grusomt uansett kven det er

Over hundre av passasjerane på flyet som vart skote ned over Ukraina skulle til aids-konferansen i Melbourne. – Dette vil prege konferansen, seier professor Knut Fylkesnes som sjølv er på veg til Melbourne.

Flystyrt i Ukraina

KJENNER TRULEG FLEIRE: Professor Knut Martin Fylkesnes frå UiB kjenner truleg fleire som omkom i flystyrten over Ukraina. Han har drive med HIV-relatert forsking i 25 år, og er sjølv på veg til Aids-konferansen som over 100 av dei omkomne skulle til.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

Knut Fylkesnes

Knut Fylkesnes meiner flystyrten i Ukraina vil prege aids-konferansen i Melbourne.

Foto: Lars Holger Ursin / UiB

– Eg har drive med HIV-relatert forsking i 25 år no, så det er godt mogeleg at ein god del av desse er kjende av meg, seier Knut Fylkesnes.

Fylkesnes er professor på senter for internasjonal helse ved universitetet i Bergen, og er fredag sjølv på veg til aids-konferansen i Melbourne.

Over hundre personar som høyrer til aids-forskarmiljøet var passasjerar på flyet som vart skote ned over Ukraina i går.

– Det er grusomt, det er tragisk uansett kven det er. Det vil jo prege den konferansen veldig, seier Fylkesnes.

Han reknar med at rundt 30 000 personar vil vere samla på konferansen, og at rundt 10 000 av desse er i forskarmiljøet.

Vil prege forskarmiljøet

Alle dei 298 personane som var om bord på Boeing 777-flyet med rutenummer MH17 frå Malaysian Airlines omkom.

Flyet var på veg frå Amsterdam til Kuala Lumpur, og over 100 av passasjerane skulle vidare til Melbourne. Knut Fylkesnes seier flystyrten truleg kjem til å prege forskarmiljøet i Europa.

– Flyet tok av frå Nederland, så det kan vere personar frå veldig mange universitet i Europa, går eg ut ifrå, så det er ekstremt omfattande om dette stemmer, seier Fylkesnes.

Malaysia sin transportminister seier at det er konstatert at 173 nederlendarar mista livet då flyet styrta. 44 av dei omkomne var malaysiarar, 27 var frå Australia, 12 frå Indonesia, ni var britar, fire frå Belgia, fire tyskarar, tre frå Filippinane, ein frå New Zealand, og ein frå Canada.

– Det vil truleg bli ei stor markering når dette blir kjent, når me veit omfanget av det. For meg vil dette bety at det må settast enno meir fart i forskingsarbeidet, så verdien av å reise til konferansen vil ikkje bli mindre, seier Fylkesnes.

SISTE NYTT

Siste nytt