Hopp til innhold

Flyselskap i Stillehavet innfører kilopris på flyreiser

Som første flyselskap i verda vil no Samoa Air i Stillehavet ta meir i betaling for overvektige passasjerar. Vekta står klar ved innsjekk.

Flyplassasjerer

Samoa Air stolar ikkje på at folk vil vere ærlege om vekta, dei må i tillegg vege seg på flyplassen.

Foto: Colourbox

For ei veke sidan skreiv NRK.no om den norske økonomen Bharat P. Bhatta som meiner det vil lønne seg for flyselskapa å ta betalt per kilo for flypassasjerane. Dette vil gjere det lettare for selskapa å avgjere kor mykje drivstoff eit fly må bruke, ifølgje økonomen.

No kan det virke som at eit lite flyselskap på den andre sidan av jorda har fått tenning på ideen. Samoa Air frå det amerikanske territoriet Amerikansk Samoa vil innføre ordninga med kilopris på flyreisene sine.

– Dette er den mest rettferdige måten å reise på, seier Samoa Air-direktør Chris Langton til australske ABC Radio.

– Det er ingen ekstra avgifter ved for mykje bagasje eller liknande, det er berre «ein kilo er ein kilo».

Vil bli vege på flyplassen

Under det nye systemet vil Samoa Air-passasjerane skrive inn kroppsvekt og bagasjevekt ved billettbooking på nettet. Prisane varierer frå rute til rute, frå ein amerikansk dollar per kilo på den kortaste ruta, til 4,16 dollar på den lengste ruta, som går mellom øysamfunna Samoa og Amerikansk Samoa.

Passasjerar må igjen vege seg på vektar på flyplassen, for å sjekke at dei ikkje har skrytt på seg litt for få kilo på nettet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Som mange andre stillhavsøyer har Samoa eit alvorleg problem med overvekt. Det er ofte på lista over dei ti mest overvektige nasjonane i verda, skriv Sidney Morning Harald. Flydirektøren meiner dei nye reglane vere med på å få merksemd rundt problemet.

– Når ein kjem til Stillehavet er standardvekta mykje høgare enn i Søraust-Asia. Det nye betalingssystemet vil skape merksemd rundt problemstillinga med sjukleg overvekt, seier Langton.

Ekstrapris for dobbeltsete

Han meiner dette er ei ordning for framtida, og peiker på at eit standardsete har blitt større dei siste tiåra fordi folk vert gradvis større, høgare og breiare.

Dersom du planlegg ei reise i Stillehavet må små barn kan det vere gunstig å legge turen til Samoa. Flydirektøren peiker på at småbarnsfamiliar no kan rekne med å betale langt mindre enn tidlegare.

I Europa er det allereie innført ekstraavgifter for dei aller største. Dersom du ikkje får plass i eitt flysete må du hos mange selskap betale ekstra, blant anna hos SAS. Norwegian har ikkje innført ekstrabetaling dersom det trengst eit sete nummer to.

SISTE NYTT

Siste nytt