NRK Meny
Normal

Naudhjelpa når krigsherja Mogadishu

Tonnevis med naudhjelp til tyrkeråka flyktningar kom i dag fram til Mogadishu. Fleire fly er på veg, men FN manglar framleis halvparten av pengane dei treng for redda folket på Afrikas Horn frå å svelta i hjel.

Naudhjelps-pakkar framme i Mogadishu

Fleire flylass med naudhjelp nådde i dag fram til Mogadishu i Somalia, ein av plassane der nauden bit som verst.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

Ei last på 31 tonn med naudhjelp frå FN kom i dag fram til den svolt- og krigsråka busetnaden i Mogadishu, Somalia ved hjelp av flytransport.

Lasta inneheldt blant anna 2500 naudhjelpspakkar med presenningar, liggjeunderlag, tepper, vatn, kokekar og anna utstyr til å laga mat med. I tillegg har Tyrkia sendt to fly med 10 tonn medisinar, medisinsk utstyr og ernæringstilskot.

Likevel fortvilar FN over mangelen på bistandspengar. Enno trengs det minst 440 millionar norske kroner for å hindra at millionar av menneske døyr av svolt.

– Ingen summar er for små. Katastrofen kan verka overveldande, men kronene frå meg og deg kan tyda livet eller døden for eit lite born eller ei sveltande mor på Afrikas Horn, seier Anne Poulsen, som er direktør ved FNs Matvareprogram (WFP) sitt nordiske kontor.

LES OGSÅ: Slik kan du hjelpe sultofrene

Ein alvorleg underernært jentebaby i Somalia

Ein seks månader gammal jentebaby vert behandla for alvorleg underernæring på eit sjukehus i Mogadishu, Somalia.

Foto: OMAR FARUK / Reuters

Treng dobbelt så mange pengar

Den ekstreme tørken på Afrikas Horn har lenge vore i anmarsj, og allereie i november i fjor åtvara FN om at verda måtte gripa inn.

Bistands-forsyningane som no vert lasta ut av flya vitnar om at verdssamfunnet endeleg har vakna. Men framleis har FN berre fått inn halvparten av ressursane dei treng for å stoppa massedød som følgje av svolt på Afrikas Horn.

Så langt har den internasjonale kronerullinga brakt inn 250 millionar dollar til FN sitt humanitære arbeid i området.

Det tilsvarar knappe halvparten av dei 500 millionane dollar som FN anslår at dei treng for å frakta mat og medisiner til totalt 12 millionar sveltande og underernærte i Somalia, Kenya, Etiopia, Aust-Uganda og Djibouti.

Uvanleg å bruka fly

Det 31 tonn tunge lasset som i dag kom fram til den somaliske hovudstaden er det første av tre planlagde naudhjelp-flygingar i løpet av dei kommande dagane.

For første gong på fem år tek FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR) i bruk lufttransport for å få naudhjelpa fram til krigsherja Mogadishu.

Bistandspakkar vert vanlegvis transporterte ved hjelp av bakketransport eller via sjøvegen. Men den ekstreme svolten breier om seg på Afrikas Horn og hjelpeorganisasjonane jobbar iherdig mot klokka.

– Ved å ta i bruk fly kan me raskare og enklare nå fram til alle somaliarane som er drivne på flukt internt som følgje av tørkekatastrofen, seier UNHCR sin representant i Somalia, Bruno Geddo, i ei kunngjering frå organisasjonen.

Naudhjelpspakkar framme i Mogadishu

Fleire tonn med medisiner, tepper og utstyr til matlaging blei måndag frakta til Mogadishu med store lastefly.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

– Eit glimt av håp

Tørkekatastrofen som har råka Afrikas Horn er den verste på 60 år. Aller verst er situasjonen i sørlege Somalia, der 3,6 millionar menneske no risikerer å døy av svolt. FN erklærte nyleg hungersnaud i fem regionar i landet, som ligg ytst på Afrikas austkyst.

I Mogadishu er situasjonen uoversikteleg og kaotisk. I løpet av dei to siste månadene har om lag 100 000 tørkeråka menneske flykta til byen på jakt etter mat, vatn og tilflukt.

I helga opplyste den militante islamistgruppa al-Shabaab at dei trekk seg ut av hovudstaden etter fleire års kamp med regjeringsstyrkane.

Geriljaen har lenge hindra humanitær hjelp, og meldinga om al-Shabaabs retrett var difor eit lysglimt i tunnelen.

– Tilbaketrekkinga gjev eit glimt av håp, seier teamleiar Ben Rawlence i Human Rights Watch på Afrikas Horn til nyheitsbyrået Bloomberg.

Framleis skyting

Men seinast natt til måndag var det kraftige skotvekslingar mellom dei al Qaida-tilknytta ekstremistane og regjeringssoldatar.

Mange sivile flyktar no frå Mogadishu i frykt for å verta tilfeldige offer i borgarkrigen.

– Me høyrde harde kampar søndag kveld. Streifskota kjem nærare og nærare, difor har me planar om å rømma byen, seier Huda Ali til nyheitsbyrået AFP måndag.

Militsen har også tvangsrekruttert sivile menn, for å unngå at dei vert henta inn til å slåss for regjeringsstyrkane.

SOMALIA-UNREST-REBELS SOMALIA-UNREST-REBELS

Søndag braut det ut kraftige kampar mellom regjeringsstyrkar og militsgruppa al-Shabaab i Mogadishu. Regjeringsstyrkane er støtta av fredsbevarande styrkar frå den Afrikanske Union (biletet).

Foto: ABDURASHID ABDULLE / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt