NRK Meny
Normal

Terror-mistenkte arresterte i USA

Tre menn med afghansk bakgrunn er arresterte i USA, mistenkte for å planleggje terrorangrep.

Video nsps_upload_2009_9_20_13_32_33_2034.jpg

Far og sønn blir ført bort av FBI.

Najibullah Zazi (24) vart avhøyrd av FBI i tre dagar før han vart arrestert i natt norsk tid. Han er busett i Denver i Colorado, der han arbeider som sjåfør på ein shuttlebuss på flyplassen i byen.

Også den 53 år gamle faren hans er arrestert.

Queens

Den tredje arrestasjonen gjekk føre seg i New York, der 37 år gamle Ahmad Wais Afzahli, er pågripen i bydelen Queens. Han skal nyleg ha hatt kontakt med Najibullah Zazi.

FBi aksjonerer mot heimen til Najibullah Zazi.

FBI ransaka heimen til Zazi før helga.

Foto: Marc Piscotty / AFP

- Arrestasjonane er ein del av pågåande etterforsking, seier David Kris, assisterande statsadvokat for tryggingssaker, i ei fråsegn.

Han gjer det også klart at styresmaktene ikkje har klar informasjon om kva mål som skulle angripast eller når det skulle skje.

FBI har blant anna teke beslag i PC-en til Najibullah Zazi, der det vart funne detaljerte planteikningar for bomber. Han har også reist fleire gonger mellom Pakistan og USA den siste tida.

Al Qaida-leir

Zazi skal ha sagt i avhøyr at han aldri har sett dokumenta politiket snakkar om, men politikjelder seier han har vedgått å ha fått våpenopplæring og trening i å lage bomber i ein Al Qaida-leir i Pakistan.

I eit intervju med avisa Denver Post laurdag avviste Zazi at han skulle ha vedgått å hatt kontakt med Al Qaida.

Najibullah Zazi seier han er uskuldig

- Eg er uskuldig, seier Majibullah Zazi.

Foto: Ed Andrieski / AP

- Det er ikkje sant, eg har ingenting å skjule. Avisene skriv det dei vil skrive, sa han blant anna i intervjuet.

FBI-sjef Robert Mueller har forsikra dei folkevalde i Senatet og Representanthuset i Washington at det ikkje ligg føre fare for eit snarleg terrorangrep i samband med saka mot Zazi, men han ville ikkje gi fleire detaljar.

Stansa på bru

Avhøyra av Najibullah Zazi starta etter at han vart stansa av politiet 10. september medan han køyrde ein leigebil over George Washington-brua, som bind saman New York City med nabostaten New Jersey.

Under opphaldet i New York hadde han kontakt med 37-åringen som vart arrestert i bydelen Queens.

Najibullah Zazi blir ført bort av FBI-agentar.

Najubullah Zazi vart arrestert i natt norsk tid.

Foto: CHRIS SCHNEIDER / AP

Sist måndag ransaka politiet fleire hus i bydelen Queens, der Zazi hadde opphalde seg medan han var i New York. Ransakingane vekte stor oppsikt i USA sidan dei gjekk føre seg kort tid etter åtteårsdagen for angrepa mot USA 11. september 2001.

LES OGSÅ: Hedret ofrene etter 11. september

LES OGSÅ: New York minnes terror-ofrene

LES OGSÅ: CIA-forhørere truet med å drepe barn

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt