Michael Flynn er kalla inn som vitne til Kongressen

Seks av rådgjevarane til tidlegare president Donald Trump er stemna av komiteen i Representanthuset som etterforskar storminga av Kongressen 6. januar.

 Michael Flynn

I DET KVITE HUSET: Trump sin tidlegare nasjonale tryggingsrådgjevar Michael Flynn må møte til Kongress-høyring i desember.

Foto: Carolyn Kaster / AP

I alt seks Trump-allierte er stemna og må gje frå seg dokument og møte til utspørjing, skriv New York Times. Mellom dei er den tidlegare nasjonale tryggingsrådgjevaren Michael Flynn.

Dei seks er mistenkte for å ha lagt planar for korleis resultatet av presidentvalet i fjor kunne bli endra til fordel for Trump. Fleire av dei tilhøyrer komitear som arbeidde for attval av Trump i 2020.

Etterforskarane i kongresskomiteen graver i bakgrunnen for kongresstorminga, og dei mistenker at det var ein samordna kampanje for å forsøke å hindre Joe Biden til å komme til makta ved å bygge opp eit narrativ om massivt valjuks. Denne kampanjen meiner etterforskarane var driven av Trump og eit nettverk av rådgjevarane hans.

Trump, Michael Flynn, Steve Bannon

HOS TRUMP: Dette bildet frå 2017 viser tryggingsrådgjevar Michael Flynn og sjefstrateg Steve Bannon på Det ovale kontoret til presidenten.

Foto: Alex Brandon / AP

Fleire innkallingar

Dei seks må overlate dokumenta til kongresskomiteen innan 30. november. Høyringane skal skje i dei første to vekene i desember.

I tillegg til Flynn, er dei andre som må møte til Kongress-høyringa William Stepien, Jason Miller og Angela McCallum i valkampanjen til Trump, advokat John Eastman og Bernard Kerik, ein tidlegare politisjef i New York, skriv Reuters.

Dei skal alle ha delteke på møte der omgjering av valresultatet skal ha vorte diskutert og planlagt.

Eastman skal mellom annan ha forfatta eit notat som skisserer korleis Trump kunne bruke visepresident Mike Pence og Kongressen for å få underkjent Biden sin valsiger.

Så langt har komiteen sendt ut 25 stemningar og høyrt vitnemål frå over 150 vitne. Det er venta at komiteen vil kalle inn fleire av Trump sine tidlegare medarbeidarar etter kvart.

SISTE NYTT

Siste nytt