Hopp til innhold

Flyktningleir ramma av snøstorm: – Riv opp klede og brenn dei for å få varme

Syriske flyktningar i det nordlege Libanon slit med å halde varmen, etter at den verste snøstormen på mange år herja grenseområdet mellom dei to landa.

Flyktningleir i Libanon.

Ei kvinne og barnet hennar står utanfor hytta si i ein flyktningleir i det nordaustlege Libanon. Uveret har stilna, men det er vanskeleg å skaffe nok brensel til å halde varmen.

Foto: Stringer / Reuters

– Vi har ikkje noko brensel. Folk riv opp klede og brenn dei for å få varme. Andre brenn plast. Vi gjer alt vi kan for å halde varmen, seier Abdallah Mokdeh til nyheitsbyrået Reuters.

Mokdeh er innbyggjar i ein flyktningleir i grensebyen Arsal, der fleire titusen syriske flyktningar bur i skrøpelege hytter eller telt. Situasjonen er like ille i fleire byar og landsbyar i dette området, sjølv om det verste uveret no er over.

– Treng all hjelp dei kan få

Bernt G. Apeland

– Flyktningane treng all hjelp dei kan få, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors i Noreg.

Foto: Olav A. SALTBONES / Røde Kors

Røde Kors og andre humanitære organisasjonar gjer det dei kan for å få fram hjelp, men det tek tid å nå fram til alle.

– Flyktningane i dette området har flykta frå den grufulle krigen, og forholda i flyktningleirane var svært vanskelege alt før uveret sette inn. Dei treng no all hjelp dei kan få, og vi støttar blant anna mobile helseklinikkar som blir drivne av Røde Kors i Libanon, seier generalsekretær i Røde Kors her i landet, Bernt G. Apeland til NRK.

Flaum etter snøstormen

Rundt om i ein av leirane Reuters har besøkt flyt det av madrassar, om er øydelagde av flaumvatnet som kom etter det kraftige snøfallet. Mange av telta er heilt raserte, og fleire har vore tvungne til å flytte inn hos naboar som ikkje er like hardt ramma.

I nokre telt og hytter bur det no opp til tre familiar, blir det fortalt.

– Snøen og kulden viser ingen nåde, seier 60 år gamle Mahmoud Hakouk. Han fortel at han har vanskar med å både halde seg varm og tørr.

FNs flyktningorganisasjon UNCHR opplyser at over 150 flyktningleirar er ramma av snøstormen og den etterfølgjande flaumen. Ein del av dei er fullstendig øydelagde. Eit barn skal vere sakna opp i det heile.

Born i flyktningleir i Arsal.

Desse to syriske gutane prøver å halde humøret oppe, trass i kulde og kummerlege forhold i flyktningleiren i Arsal i Libanon.

Foto: Stringer / Reuters
Opprydding i flyktningleir i Arsal.

Syriske flyktningar i ein leir i Arsal i ferd med å rydde opp etter snøstormen og den etterfølgjande flaumen.

Foto: Stringer / Reuters

Utan forsyningar

I ein annan leir i Arsal bur Radwan Raad. Han fortel om telt som kollapsa i snøstormen. Han klagar på at dei ikkje har fått tilførsel av forsyningar, og at mange ikkje har pengar til å kjøpe mat for.

– Det er ein fortvila situasjon, seier han. Han får støtte frå 85 år gamle Helem Amer, som er så dårleg til beins at ho ikkje kjem seg ut av den skrøpelege hytta si på eiga hand.

– Det finst ikkje brensel. Vi har ingenting og ingen kan hjelpe oss, seier ho til journalisten frå Reuters.

Det var i går det vart kjent at rundt 250.000 av dei rundt ein million syriske i flyktningane i Libanon var ramma av ein kraftig snøstorm i fjellområda mellom Syria og Libanon. Uveret er det verste på lenge, og det kjem på toppen av eit samanhengande dårleg ver sidan før jul.

SISTE NYTT

Siste nytt