Elfenbeinskysten er på randen av borgarkrig etter at den sitjande presidenten Laurent Gbagbo nekta å gje frå seg makta då han tapte valet i slutten av november i år.
I kjølvatnet av valet er minst 173 personar drepne som følgje av valdelege opptøyar. No flyktar ivorianarane i hopetal over grensa til nabolandet Liberia.
Valden eskalerer
FN sin høgkommisær for flyktningar opplyser at om lag 20 000 menneske har fare frå heimane sine til aust-Liberia på grunn av den urolege situasjonen i heimlandet.
Presidentkandidaten Alassane Ouattara er anerkjend som den rettmessige vinnaren av valet av det internasjonale samfunnet.
Flyktningane er ei blanding av Outtara sine støttespelarar og tilhengjarar av Gbagbo, ifølgje FN.
Fleirtalet er kvinner og born, og over 60 prosent av flyktningane er under 18 år.
FN seier dei har trappa opp bistandskapasiteten på grensa, og har førebels nok ressursar til å ta i mot 30 000 flyktningar, melder AFP.
– Vil utvisa ambassadørar
Tysdag vart eit planlagd samling for Gbagbo sine tilhengjarar avlyst.
Møtet skulle etter planen skje førstkommande onsdag, men er utsett på ubestemt tid for å gje diplomatiet ein sjanse, opplyser ein av Gbagbo sine rådgjevarar til AFP.
Samstundes seier Gbagbo at landet vil bryta dei diplomatiske forbindingane med alle land som annerkjenner ambassadørar utpeikte av rivalen Ouattara.
Afrika pressar Gbagbo
I dag kom også presidentane i Benin og Sierra Leone Til Elfenbeinskysten for å leggja ytterlegare press på presidenten.
Leiarane av dei 15 medlemslanda i den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen ECOWAS har tidlegare truga Gbagbo med bruk av makt dersom han ikkje går av frivillig.