NRK Meny
Normal

Flykta åleine som femtenåring

Eitt år etter at størsteparten av dei internasjonale styrkane trakk seg ut av Afghanistan, aukar talet på unge afghanarar på flukt. Jomaa Nazari var ein av dei som kom seg heilskinna gjennom reisa til Europa.

Jomaa Nazari flykta som 15-åring frå Afghanistan. No er han 18 og går på norsk vidaregåande. Intervju med han om reisa hans på skulen, utanfor skulen og i leiligheta der han bur.

FRÅ AFGHANISTAN TIL NOREG: Jomaa Nazari går no på skule i Oslo, men minna om ei langt mindre trygg tid er framleis sterke.

– Den største draumen var å studere. Og det er det eg gjer no, smiler 18 år gamle Jomaa Nazari der han sit i eit klasserom på ei vidaregåande skule i Oslo.

Få av klassekameratane veit kva han har vore gjennom før han kom hit. 15 år gammal bestemte han seg for å dra etter broren som allereie hadde forlate det krigsherja heimlandet, etter at familien seks månader tidlegare hadde flykta til Pakistan. Mor og veslebror hans bur framleis i Pakistan, medan storebroren også er i Noreg.

Hadde aldri sett havet før – båten kantra

– På reisa frå Pakistan gjennom Iran til Hellas opplevde eg mange farlege situasjonar.

Han som aldri hadde sett havet før opplevde at båten han tok frå Tyrkia til Hellas kantra. Vidare måtte han gøyme seg for politi og grensevakter, han vart lurt for pengar og måtte overnatte mange netter ute.

– Då eg først kom hit, var den største draumen å få sove på ein varm stad.

Men sjølv om Nazari fekk vern i Noreg, slepp ikkje dei vonde minna taket så lett. Det første året på asylmottak var han mykje plaga av mareritt.

Han følte at han falt mellom to stolar i det norske asylsystemet.

– Einslege mindreårige under 15 får betre oppfølging. Dei som er mellom 15 og 18 får ikkje heilt den same oppfølginga. Det er ein form for diskriminering grunna alder.

Vert stadig minna på flukta

Han følger nøye med på flyktningsituasjonen, og TV-bileta av menneske på flukt gjer inntrykk.

EUROPE-MIGRANTS/GREECE Afghan migrants line up as they wait to be registered at a camp on the Greek island of Lesbos

UNGE MENN OG GUTAR: Afghanske flyktningar som nett har kome i land på den greske øya Lesvos etter å ha kome med båt frå Tyrkia.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

– Det gjer veldig vondt fordi eg har opplevd dette sjølv. Det er veldig vanskeleg å sjå dei bileta. Dei minner meg om det eg opplevde på reisa.

No håpar han at andre barn på flukt frå krig skal få same moglegheiter som han sjølv fekk.

– Vi som har det bra har eit moralsk ansvar som menneske til å hjelpe dei barna. Dei er uskuldige, dei svakaste, og har ikkje noko med krigen å gjere.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt