Hopp til innhold

Flygeleiarstreik i Frankrike gir forsinkingar i flytrafikken

Fleire fly er kansellerte og trafikken mellom Skandinavia og Sør-Europa er kraftig forsinka etter at franske flygeleiarar har gått ut i streik.

FRANCE-STRIKE/

Flygeleiarstreiken i Frankrike har ført til kanselleringar og forsinkingar i flytrafikken i Europa.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

I samband med dei nasjonale streikene mot dei nye arbeidslivsreformene til president Emmanuel Macron, har også franske flygeleiarar lagt ned arbeidet.

Det har ført fleire kansellerte flygingar i Europa. SAS har innstilt tre flygingar så langt i dag. Det gjeld to ruter frå Stockholm til Malaga og Paris, og ei rute frå København til Paris. Medan flygingane til både SAS og Norwegian som går frå Gardermoen, i liten grad er påverka av streiken så langt.

Forsinka fly

Men måten flest nordmenn kjem til å merke streiken i dag på, er dei store forsinkingane i rutene som går over fransk luftrom mellom Skandinavia og Sør-Europa. Både SAS og Norwegian seier reisande må rekne med ein del ventetid på desse rutene, men dei oppmodar dei som skal reise til å møte til vanleg tid, med mindre det er gjeve melding om noko anna.

Kanselleringar og forsinkingar i flytrafikken, kan utløyse rettar for dei reisande. Forbrukarrådet har laga ein kalkulator der ein kan sjå kva ein har rett på når flyet ikkje går som det skal.

Det er venta at streiken i Frankrike skal bli avslutta onsdag morgon.

SISTE NYTT

Siste nytt