NRK Meny
Normal

Flyg rundt i valkampinnspurten

Siste dag av valkampen spurtar partileiarane i Alliansen rundt i regjeringsflyet. Dei raudgrøne tar toget.

Alliansen på siste kampdag i Stockholm

Maud Olofsson (C) talar til veljarane i Stockholm, og har saman med statsminster Fredrik Reinfeldt (M), Goran Hägglund (KD) og Jan Björklund (FP) ein travel siste dag i valkampen.

Foto: BOB STRONG / Reuters

Göran Hägglund (KD), Maud Olofsson (C), Jan Björklund (FP) og Fredrik Reinfeldt (M) rekk å besøke dei tre storbyane Malmø, Gøteborg og Stockholm i løpet av dagen. For å nå alt brukar dei regjeringsflyet.

Må bruke regjeringsflyet

– Alle andre partileiarar har jo alltid gjort det. Og vi har sjekka med sikkerheitspolitiet. Fredrik får ikkje fly med noko anna enn regjeringsflyet, seier Roberta Alenius, pressesjef hos Fredrik Reinfeldt.

Trass i at det handlar om partiarbeid og ikkje er ei tenestereise, er det risikovurderinga til sikkerheitspolitiet som avgjer om statsministeren skal reise med regjeringsflyet eller ikkje.

Sikkerheitspolitiet vil av prinsipp ikkje stadfeste kva dei har bestemt overfor Svenska Dagladet.

Fredik tar med dei han vil

At dei andre partileiarane er med på flyet, er ikkje imot regelverket. Om Fredrik Reinfeldt brukar regjeringsflyet, får han sjølv bestemme kven som skal vere med. Dei må derimot betale for seg.

Det kostar 15.000 svenske kroner kvar time det regjeringsflyet er i lufta. Reisene kan komme til å kreve 3000 liter drivstoff.

I tog til Gøteborg

Dei raudgrøne partileiarane Mona Sahlin (S), Lars Ohly (V), Maria Wetterstrand (MP) og Peter Eriksson (MP) startar dagen i Stockholm.

Socialdemokratane har tradisjon for å avslutte valkampen i Gøteborg dagen før valet. I dag får Mona Sahlin selskap av Wetterstrand og Ohly, som i samla tropp tar toget til Göteborg.

Wetterstrand og Ohly tar toget tilbake same kvelden, medan Sahlin skal delta i ein debatt på TV4 og blir over natt. Ho flyg tilbake til Stockholm søndag morgon.

Mona Sahlin

Mona Sahlin (S), Lars Ohly (V) og Maria Wetterstrand (MP) tok toget i valinnspurten.

Foto: PONTUS LUNDAHL / SCANPIX
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt