Hopp til innhold

Fly styrta i fabrikkbygning: 19 skadde og ein omkomen

Ein person er omkomen og kring 20 menneske skal vere skadde etter ein flystyrt i Sør-Afrika.

Amatørvideo viser flyet idet det tar av fra flyplassen

Amatørvideo visar at det ryk frå flyet under avgang.

Flystyrten skjedde nord for den sørafrikanske hovudstaden Pretoria.

Flyet styrta fem kilometer aust for flyplassen, og trefte ei fabrikkbygning. To personar i bygninga vart skadd.

– Flyet hadde 19 passasjerar om bord, inkludert piloten og ingeniøren, seier talsmann for naudetatane, Johan Pieterse, til nyheitsbyrået AFP.

Den omkomne vart funnen i cockpiten, men det er førebels ukjent om det var piloten eller ingeniøren som omkom.

– Vi har kring 20 pasientar med alt frå små til kritiske skader, seier Pieterse.

Laster Twitter-innhold

Skulle stillast ut på museum i Nederland

Flyet utførte ein testflytur frå ein liten flyplass i hovudstaden då ulukka inntrefte. Flyet er eit Convair-fly bygd i 1954.

Den siste tida har det blitt renovert, og skulle etter planen stillast ut på Aviodrome air museum nær Lelystad i Nederland, melder AFP.

– Vi er sjokkert over at Convair-flyet, som snart skulle komme til Aviodrome, krasja under ei testflyging i Sør-Afrika, skriv Aviodrome på sine Facebooksider.

Convair-flyet, med logoen «Martin's Air Charter», var eit USA-produsert passasjerfly med plass til 44 passasjerar.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt