Hopp til innhold

Indonesia: Har funne dei svarte boksane

Dykkarar har lokalisert dei svarte boksane frå flyet som styrta i Javasjøen. 62 menneske var om bord i flyet som forsvann frå radaren berre fire minutt etter at det tok av.

Leiaren for den indonesiske havarikommisjonen, Soerjanto Tjahjanto, opplyste søndag at ferdsskrivaren og taleregistratoren er lokalisert. Dei to boksane inneheld data om flyet sine posisjonar, og opptak av kommunikasjonen i flyet, og med flygeleiarane.

Tidlegare søndag sa talsmann for politiet, Yusri Yunus, at det er funne leivningar utanfor kysten.

Yunus sa til Metro TV at det er henta opp sekkar med leivningar frå menneske og med eigendelar.

Sundag lokal tid blei det funne leivningar etter styrten.

Søndag blei det funne leivningar etter styrten.

Foto: Achmad Ibrahim / AP

Laurdag lokaliserte den indonesiske marinen staden der flyet styrta i Javasjøen. Alle skip i området blei sende til staden.

Søndag fanga eit militærfartøy opp signal frå flyet.

Det er også funne vrakdelar som er frakta til land i Jakarta. Dei blei funne på 23 meters djup.

– Vi har fått rapport frå dykkarar om at vatnet er klart, så vi kan sjå delar av flyet, seier sjef for flyvåpenet, Marshal Hadi Tjahjanto.

Leitemannskap oppdaga allereie laurdag vrakrestar i havet, men kunne ikkje stadfeste på det tidspunktet at dei var frå det sakna flyet.

Også fiskarar fortalde at dei hadde funne det som skulle vere vrakrestar frå eit fly ved den vesle øya Male.

Indonesia Plane

Leitemannskapa undersøkjer det som skal vere vrakrestar frå flyet.

Foto: Dita Alangkara / AP

Fire minutt

Flyet var av typen Boeing 737–500 og tilhøyrde det indonesiske lågprisselskapet Sriwijaya Air.

Det hadde rutenummer SJY 182, og mista kontakten med flygeleiarane like etter at det tok av frå Soekarno-Hatta-flyplassen i den indonesiske hovudstaden Jakarta, på veg til Pontianak på Borneo i Indonesia.

Det er ein flytur som normalt tek ca. 90 minutt. Størstedelen av turen går over Javasjøen.

Ifølgje Flightradar24 mista flyet meir enn 10.000 fots høgde på mindre enn eitt minutt, rundt fire minutt etter at det tok av klokka 14.36 lokal tid.

kp1Y3x8DjIs

Slektningar av passasjerar på det sakna flyet er samla på Supadio-flyplassen i Pontianak på Borneo.

Foto: LOUIS ANDERSON / AFP

62 menneske om bord

Adita Irawati, som er talsperson for det indonesiske transportdepartementet, seier at siste kontakt med flyet var laurdag klokka 14.40 lokal tid.

Det var 56 passasjerar og eit mannskap på seks om bord i flyet. Ti av passasjerane var born, ifølgje transportminister Budi Karya Sumadi. Det 26 år gamle flyet hadde plass til rundt 130 passasjerar.

Kart fra Flight Radar som viser hvordan flyet fløy i de fire minuttene fra avgang til til det forsvant fra radaren.

Kart frå Flightradar24 som viser korleis flyet flaug i dei fire minutta frå avgang til det blei borte frå radaren.

Foto: Flight Radar

Sriwaijaya Air-sjef Jefferson Irwin Jauwena fortel at det 26 år gamle flyet hadde gjennomført to flyturar tidlegare same dag.

– Ifølgje vedlikehaldsrapporten såg alt fint ut, og flyet var flygedyktig, sa Jauwena.

Han legg til at avgangen til flyet blei forseinka på grunn av dårleg ver, og ikkje på grunn av problem med flyet.

Fleire ulukker

29. oktober 2018 mista 189 menneske livet då eit 737 MAX 8-fly frå Lion Air styrta i Javasjøen 12 minutt etter avgang frå Jakarta. Flyet som no er sakna, er ikkje eit 737 MAX-fly.

I 2014 omkom 162 menneske då eit AirAsia-fly styrta i Indonesia.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt