NRK Meny
Normal

Fly med fallskjermhopparar styrta

Ni menneske, blant dei fire utlendingar, omkom då eit fly med fallskjermhopparar styrta på New Zealand i natt norsk tid.

Video Ni døde i flystyrt på New Zealand

VIDEO: Fallskjermhopparar omkom i flystyrt.

Flyet styrta i nærleiken av flystripa i det populære turistområdet Fox Glacier, eit område som står på verdsarvlista til UNESCO. Flyet skal ha byrja å brenne like etter at det tok av frå flystripa.

Fox Glacier ligg på vestkysten av New Zealands South Island.

Eini talsmann for politiet opplyser at det var fire personar frå New Zealand om bord, dei fem andre var frå Irland, England, Australia og Tyskland.

Ordføraren i Westland District, Maureen Pugh, seier til nyheitsbyurået AFP at dei utanlandske turistane var saman med fallskjerminstruktørar, og at dei skulle gjennomføre tandemhopp. Verforholda var perfekte, legg ho til.

Flyet var av typen Fletcher FU24, det mest vanlege flyet brukt til fallskjerhopping på New Zealand.

Tragedien er den verste i newzealandsk luftfart på nesten 17 år.

Det bur berre rundt 300 menneske i landsbyen Fox Glacier, men området blir besøkt av fleire tusen turistar kvart år.

Austkysten av South Island vart i går kveld norsk tid ramma av eit kraftig jordskjelv, men flyulukka i Fox Glacier har ikkje noko med dette å gjere.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt