Hopp til innhold

Fly krasja i bustadområde

Eit Antonov transportfly har styrta i eit bustadområde i byen Pointe-Noire i republikken Kongo. Minst 23 menneske har mist livet, og mange er skadde.

Flystyrt i Pointe-Noire i Kongo Brazzaville.

Minst 14 menneske vart drepne i flystyrten i Pointe-Noire i ettermiddag.

Foto: STR / Afp

Seint måndag kveld vart talet på omkomne oppgitt til å vere 19, men i dag vart fire omkomne til gravne fram av vrakrestane. 12 hus vart øydelagde av brannen som oppstod.

Fire russiske statsborgarar er blant dei omkomne, to flygarar og to mekanikarar. Det var også fem passasjerar om bord i flyet. Dei andre som miste livet og dei skadde oppheldt seg på bakken.

- Ambulansar køyrer døde menneske til likhuset og skadde til sjukeshus. Det er gjort betydeleg skade, men det er uklart kor mange som er døde og skadde, sa eit vitne til nyheitsbyrået Reuters like etter ulukka.

Det russiskbygde flyet tilhøyrer flyselskapet Trans Air Congo Airline, som har base i Brazzaville.

Ulukka skal ha skjedd då transportflyet gjekk inn for landing på flyplassen i byen.

Pointe-Noire er den økonomiske hovudstaden i Kongo-Brazzaville.

I området der flyet krasja ligg kontorbygningen til borgarmeisteren i Point-Noire, kontora til ein fjernsynsstasjon, to private skular og eit populært idrettsanlegg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt