Hopp til innhold

Fleirtal i EU-parlamentet for å gi Snowden asyl

Med 285 mot 281 røyster har EU-parlamentet oppmoda medlemsstatane i EU om å opne for at Edward Snowdon kan få politisk asyl, og såleis hindre at han bli utlevert til USA.

Edward Snowden

Eit fleirtal i EU-parlamentet vil gi politisk asyl til Edward Snowden. Vedtaket er ikkje bindande for medlemslanda.

Foto: Mark Blinch / Reuters

Resolusjonen, som ikkje er bindande for medlemsstatane, er likevel eit sterkt signal om at medlemslanda i EU kan vere viljuge til å gi Edward Snowdon opphaldsløyve. I resolusjonen heiter det at Snowden er ein forsvarar av menneskerettane, og medlemslanda blir oppmoda om å droppe alle tiltalepunkt mot han, melder nettavisa Wired .

Edward Snowden har budd i Russland sidan juni 2013, etter at han kom dit frå Hongkong. I heimlandet USA ventar det ein spiontiltale, etter at han har offentleggjort store mengder hemmeleg materiale. Han var knytt til den amerikanske etterretningstenesta NSA.

– Forsvarar for menneskerettane

– Medlemslanda i EU bør sikre Snowden vern og hindre at han blir utlevert til eit tredje land, og gjere det klart at dei godtek statusen hans som varslar og forsvarar av menneskerettane, heiter det blant anna i resolusjonen i EU-parlamentet.

Alle EU-land har ein utleveringsavtale med USA, og det er høgst uklart om nokon av landa vil følgje oppmodinga i resolusjonen.

Edward Snowden seier sjølv på Twitter at vedtaket i EU-parlamentet er ein «game changer», altså noko som vil endre gangen i spelet.

– Ei open arm

I ei anna Twitter-melding skriv han at vedtaket ikkje er retta mot den amerikanske regjeringa, men at vener har rekt ut ei open arm. Det er ein sjanse til å gå vidare, heiter det.

Resolusjonen i kveld vart vedteken saman med ein resolusjon som krev at det skal bli vanskelegare å overvake innbyggjarane i EU . Denne resolusjonen kjem som ein reaksjon på avsløringane dei siste åra om at amerikansk etterretning har drive omfattande overvaking av europeiske politikarar og institusjonar.

Edward Snowden har søkt asyl i 21 land, blant dei Noreg, Nederland og Tyskland .

Laster Twitter-innhold

Ny varsler gir innblikk i USAs dronekrig

Lavrov: Snowden har aldri krysset Russlands grense

Norge: – USA har ikke opptrådt kritikkverdig

SISTE NYTT

Siste nytt