Nesten 1400 amerikanske soldatar er komne heim i kister, fleire tusen har kome heim i rullestol, og mange andre har kome heim i frustrasjon over å ha risikert livet i ein krig dei meiner blir ført på falske premissar.
Den amerikanske nasjonalgarden har aldri tidlegare hatt problem med rekrutteringa. I fjor gjekk talet på søknader til nasjonalgarden ned med 30 prosent.
Talet på offiserar som søkte avskil vart 20-dobla i fjor. Trass i at 40 prosent av offiserane som søkte avskil fekk avslag, er det no stor mangel på erfarne offiserar i Nasjonalgarden.
40 prosent av dei amerikanske soldatane i Irak er rekruttert frå Nasjonalgarden og frå reservestyrkane.
Pentagon vedgjekk på slutten av fjoråret at over 5500 soldatar har desertert sidan krigen starta, trass i at ein desertør risikerer dødsstraff i krigstid.
Den vanlegaste straffa er fem års fengsel, og mange desertørar har difor søkt tilflukt i nabolandet Canada. Under Vietnam-krigen var det rundt 55.000 soldatar som deserterte eller nekta å møte til teneste. Då var det også fleire tusen soldatar som flykta til Canada.
Over ein million amerikanske soldatar har hittil tenestegjort i Irak, mange av dei mot sin vilje.
Då forsvarsminister Donald Rumsfeld besøkte Irak like før jul, vart han møtt av rasande soldatar som ville ha svar på kvifor dei ikkje hadde fått det dei meinte var nødvendig verneutstyr.
Det var då Rumsfeld svarte at ein måtte gå i krigen med utstyret ein hadde til disposisjon, og ikkje med det ein ynskte ein hadde.
Svaret vart ikkje god motteke blant soldatane, og dei amerikanske soldatane skal ha problem med å halde moralen oppe.
Konstant frykt for angrep og terroraksjonar, snikskyttarar og bomber, slit hardt på dei unge og til dels uerfarne soldatane. Det faktum at mange har fått forlengd tenestetida mot sin vilje, tærer også på moralen.