Det er venta at talet på omkomne vil stige kraftig, seier indiske tenestemenn til nyheitsbyrået Reuters. Talet på sakna varierer frå det offisielle talet på 14. 000 til fleire titusen.
Innanriksminister Om Prakash i delstaten Uttarakhand i Himalaya seier til nyheitsbyrået AFP seier at over 60.000 menneske er isolerte på grunn av det kraftige regnet.
Utraderte landsbyar
Elva Ganges har gått over breiddene sine med stor kraft og har sveipa med seg bygningar, bruer, vegar og alt anna som har vore i nærleiken. Fleire landsbyar langs den heilage elva er fullstendig utraderte.
I tillegg til at Ganges har brutalt rive med seg alt som har vore i hennar veg, har det også gått fleire tusen jordras. Øydeleggingane er enorme i store delar av delstaten.
Det årlege monsunregnet har sett inn ein månad tidlegare enn normalt, og det er mykje kraftigare enn det som er normalt. Delstatsministeren Vijay Bahugunda har retta sterk kritikk mot det indiske meteorologiske instituttet fordi dei ikkje varsla kor kraftig ekstremvêret vart.
– Åtvaringa var ikkje tydeleg nok. Vi har aldri før hatt ein slik katastrofe i Himalaya, seier han.
Vanskeleg redningsarbeid
Fleire tusen soldatar er sett inn i redningsarbeidet, og over 30.000 menneske er berga denne veka. Fleire titals helikopter er sette inn i redningsarbeidet, som blir karakterisert som svært vanskeleg.
Blant dei som vart berga tidlegare denne veka var ei gruppe på 30 utanlandske fotturistar, som var på tur inn til ein avsidesliggjande isbre i delstaten. Dei hadde vore isolerte ved breen i nesten ei veke.
Det blir også droppa mat og reint vatn frå helikoptera til dei isolerte områda.
– Redningsarbeidet er ein kamp mot klokka, seier Ajay Chaddha, sjefen for det militære redningsarbeidet, til avisa Times of India.
LES OGSÅ:
Meir regn frå søndag
Det regnar mindre i det hardast ramma området i dag enn det har gjort dei siste dagane, men det er varsla nye store nedbørsmengder frå søndag. Chaddha seier dei må berge så mange som mogleg før vêret blir verre igjen.
Delstaten Uttarakhand har ein heilt spesiell plass i Hindu-religionen med sin status som gudane sitt heimland. Elva Ganges har også ein heilt spesiell plass i den hinduistiske religionen.