NRK Meny
Normal

Fleire titals drepen etter bombeangrep mot politiskole i Libya

Så mange som 65 menneske skal ha blitt drepne etter eit bilbombeangrep mot ein politiskule i byen Zliten nord i Libya.

Minst 50 mennesker ble drept i angrepen mot en politiskole i byen Zliten i Libya, opplyser ordføreren til Reuters.

Mange skadde blir behandla på sjukehus etter at ein bombe gjekk av i Libya torsdag.

Det opplyser sjukehuskjelder til nyheitsbyrået Reuters.

Angrepet vert sagt å vere eit av de mest dødelege i Libya sidan Muammar Gaddafis fall i 2011.

Talet på døde har stige jamt sidan meldinga om bombeangrepet kom like etter klokka 10 norsk tid. I tillegg til dei drepne skal rundt 200 vere skadde. Eit vitne sa til nyheitsbyrået AFP at rundt 300 personar var inne på området.

– Bombe i lastebil

Eit stort talet på skadde er frakta til sjukehus.

Ifølge ordføraren var det ei bombe i ein lastebil brukt for å frakte vatn til området som eksploderte idet hundrevis av politirekruttar samla seg i nærleiken av den.

Ingen har så langt teke på seg ansvaret for angrepet, men ei lokal gruppe med IS-tilknyting skal ha prøvd å få fotfeste i kystbyen, som ligg vest for Gaddafis fødeby Sirte som dei allereie kontrollerer.

Fleire sjølvmordsangrep den siste tida skal kunne sporast tilbake til IS skriv AFP.

Framleis politisk splitting

Den internasjonalt anerkjende regjeringa fordømde angrepet og kalla det ei feig terrorhandling. Dei ber om at ein løftar våpenembargoen som dei meiner hindrar dei i å handtere IS.

Samstundes lova viseforsvarsministeren i den Tripoli-baserte regjeringa, Mohammad Bashir al-Naas, at dei ville hemne angrepet.

– Den skuldige er ikkje kjend, men han er ein feiging, sa han på ei pressekonferanse torsdag.

LIBYA-CONFLICT-UN-KOBLER

FNs spesialutsending Martin Kobler i samtale med medlemmer frå opprørsalliansens nasjonalforsamling (GNC) frå Tripoli på eit besøk tidlegare denne veka.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

FN har lenge prøvd å få til ei fredsavtale, men trass i at ei avtale vart signert i Marokko før jul, er det få teikn til at dei to regjeringane vil einast med det første. FNs spesialutsending Martin Kobler fordømde i dag angrepet på Twitter, og ber dei libyske politikarane om å kome saman i kampen mot terrorisme.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt