Hopp til innhold

Seks personar skadde i knivangrep i Paris

Ein gjerningsperson skal ha gått til åtak på fleire personar med kniv på stasjonen Gare du Nord.

Gare du Nord

GARE DU NORD: Den travlaste jernbanestasjonen i Frankrike. Biletet er ikkje teke i samband med hendinga.

Foto: Thibault Camus / AP

Ein politimann har brukt våpen mot personen som har skadd fleire personar med kniv på stasjonen Gare du Nord, opplyser politiet til France info.

Personen har gått til åtak på seks personar, skriv TV-stasjonen BFMTV. Dei seks skal vera lettare skadde.

Gjerningspersonen er «nøytralisert», opplyser politiet til nettavisa.

I følgje avisa Le Parsiein skal gjerningspersonen vera livstruande skadd og ligg på sjukehus.

Motivet er ikkje kjent, og det har ikkje kome opplysningar om kva slags våpen gjerningpersonen brukte.

Togtrafikken råka

Knivangrepet skal ha skjedd rundt klokka 06:40 onsdag morgon.

Innanriksminister Gérald Darmanin bekreftar åtalet. Også han seier at gjerningspersonen blei «nøytralisert».

– Takk til politiet for effektiv og modig respons, skriv han på Twitter.

TV-stasjonen BFMTV melder om store forstyrringar i togtrafikken som følgje av angrepet.

Det regionale togselskapet TER Hauts-de-France skriv på Twitter at politiet opna eld mot ein truande person som hadde skadd fleire personar på stasjonen.

Gare du Nord er ein av dei seks store jernbanestasjonane i Paris i Frankrike. Med 180 millionar reisande i året er det den travlaste jernbanestasjonen i Frankrike, og også ein av dei største i verda.

SISTE NYTT

Siste nytt