Hopp til innhold

Fleire omkomne etter snøskred i Austerrike

Fem menneske, blant dei fire svenskar, døydde i eit snøskred i den austerrikske delstaten Tirol fredag.

Snøskred. Spiss. Østerrike

Snøskredet som tok livet av fem menneske gjekk i Spiss i den austerrikske delstaten Tirol.

Foto: AFP

Ifølgje politiet i landsbyen Landeck har skredet kravd livet til fire svenskar, medan ein svensk statsborgar er skadd og frakta til sjukehus i Sveits.

Det var denne personen som varsla om skredet, skriv SVT.

Den femte omkomne skal vera ein austerriksk skiguide.

Utanriksdepartementet har bekrefta

Det svenske utanriksdepartementet bekrefta rundt 4:30 laurdag til svenske nyheitsbyrået TT at det er fire svenske menn i 40-åra som har omkome.

Dei har tilhøyrsle i Svealand og Götaland.

Pårørande skal vera varsla og den svenske ambassaden er i kontakt med lokale myndigheiter, ifølgje kontakten i det svenske utanriksdepartementet, Tekla Kristiansson.

Georg Plattner ved politiet Landeck seier til Dagens Nyheter at dei omkomne var med i ei større gruppe på besøk i området.

Alle køyrde offpiste då skredet blei utløyst ved 13-tida fredag.

Stor redningsaksjon

Snøskredet skjedde i Spiss nær den austerriksk-sveitsiske grensa.

Den skadde svensken skal ha varsla om ulukka via ein svensk Whatsapp-gruppe.

Spiss

Spiss ligg i den austerrikske delstaten Tirol. Delstaten ligg nær den austerriksk-sveitsiske grensa.

Foto: EBU

Ein større redningsaksjon med både sveitsiske og austerrikske helikopter bidrog i redningsarbeidet.

Snøskredet skal ha vore mellom 350 og 400 meter breitt.

Fleire snøskred i området

Tirol har fått mykje snø dei siste dagane, og det var registrert minst 31 separate snøskred fredag ettermiddag.

I minst fire av skreda er det meldt om skadde eller døde.

Verdenscup i alpint. Sölden i Østerrike

Sölden i Austerrike.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Et anna skred, ved Sölden litt lenger aust i regionen tok også med seg fem skiløparar. Desse kom seg ut i live.

Sölden er kjent for å vera vertsskap for opningsrennet i verdscupen i alpint.

SISTE NYTT

Siste nytt