Hopp til innhold

Fleire nordmenn i snøstormråka fjell

Kring 25 nordmenn er for tida på fottur i Annapurna i Himalaya, der 100 menneske er sakna og over 30 er funne omkomne etter ein kraftig og uventa snøstorm på onsdag. Turoperatøren som arrangerer turen seier at alle dei norske er i god behald.

Nepal Avalanche

Soldatar i den nepalske hæren reddar ut ein overlevande etter snøstormen i Nepal.

Foto: Ap

– Dette er ei ekstraordinær og dramatisk hending. Men våre gjestar i Nepal har det bra. Vi går i område som vert sett på som trygge, opplyser dagleg leiar i turoperatøren Hvitserk, Trygve Sunde Kolderup.

Totalt 50 nordmenn har dei siste dagane vore på fottur i regi av Hvitserk i Himalaya. To av desse gruppene er på veg heim att, medan dei to siste framleis er i fjellområdet, men i trygge delar av fjellet, fortel Kolderup.

Hvitserk arrangerer turar fleire gonger i året til fjellet der 32 menneske no er stadfesta omkomne, og kring 100 framleis er sakna etter den voldsomme snøstormen. Fleire av dei skal vere utanlandske turistar. 43 personar er redda ut, opplyser styresmaktene i Nepal.

UD: – har ikkje fullstendig oversikt

NEPAL-HIMALAYAS-ACCIDENT-MOUNTAINEERING

Redningsmannskapar har omringa ein overlevande medan dei ventar på at redningshelikopteret skal lande.

Foto: NEPAL ARMY / Afp

Utanriksdepartementet jobbar med å få oversikt over dei norske turgruppene som er i snøstormråka Nepal, men dei har ikkje fått meldingar om sakna nordmenn, opplyser departementet til NRK.

– Vi er kjent med at det finnast turgrupper med nordmenn i Nepal. Men av dei vi kjenner til akkurat no, er alle gjort greie for, fortel pressevakt i Utenriksdepartementet, Eskil Sivertsen.

UD forsøker no å få informasjon frå turoperatørar og lokale styresmakter om kor mange som er på fottur i Nepal.

– Så langt vi veit er alle nordmennene i området i god behald, og vi har ikkje fått meldingar om at nokon frå Noreg har vore i dei mest utsette områda. Men vi har framleis ikkje fullstendig oversikt, legg Sivertsen til.

– Held fram som normalt

- Våre to grupper som framleis er i Nepal på fjelltur held fram som normalt. Dei er lågare i fjellet og går i dalar som no er trygge, fortel dagleg leiar i turoperatøren Hvitserk, Trygve Sunde Kolderup.

Han fortel at gruppene deira alltid evaluerer situasjonen fortløpande og guidane tek forholdsreglar når det er dårleg vêr. – Dei er ikkje redde for å endre eller droppe planar om fjellturar dersom det kan vere utrygt, seier Kolderup.

Snøstormen var uventa

Snøstormen i fjella nær grensa til Tibet kom svært brått på, og kom utanfor sesongen der det vanlegvis er slikt vêr. Dårleg telekommunikasjon i området gjer leitearbeidet vanskeleg, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Blant dei som er funne døde er to slovakiske fjellklatrarar, tre nepalske guidar, fire canadiarar, to israelarar, ein polakk, ein vietnamesar, ein indar og ein tyskar.

Artikkelen held fram etter biletet.

Personar har samla seg rundt staden der redningshelikopteret har base.

Ei folkemengde ser på redningshelikopteret som fraktar overlevande og omkomne ned frå fjellet.

Foto: Reuters

Oktober er høgsesong for fjellturar i Nepal

Så mykje som 170 fotturistar skal ha vore i området då snøstormen kom. Annapurna er eit 55 kilometer vidt fjellmassiv i Himalaya. Det høgaste punktet ligg 8091 meter over havet, noko som gjer det til verdast 10. høgaste fjell.

Men fjellet er også eit av dei farlegaste fjella i verda å ta seg til toppen på, på grunn av svært stor snøskredfare.

Ifølgje lokale tenestemenn er 24 av dei omkomne funne i det populære fjellmassivet. I tillegg er fem fjellklatrarar som hadde slått leir i fjellet, sakna etter at leiren deira vart råka av eit snøskred. Desse fem er omkomne, trur dei lokale styresmaktene.

NEPAL-HIMALAYAS-ACCIDENT-MOUNTAINEERING

Hæren fraktar ut ein overlevande etter snøstormen. Framleis er over 100 sakna.

Foto: NEPAL ARMY / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt