NRK Meny
Normal

Fleire hundre tok farvel med jordskjelvoffer

Italienarar i sorg deltok i dag under gravferda for mange av ofra etter jordskjelva. Samstundes er endå fleire døde henta ut frå ruinane.

Gå til forsiden

Gravferd i Italia

Gravferd Italia

Gravferd i Italia

7 bilder

    Kistene står på rekke og rad inne i den store idrettshallen i Ascoli Piceno. To av kistene er malte kvite. Der ligg to av barna som mista livet då bygningane rasa saman.

    Fleire hundre menneske har kome for å sørge over dei kjære dei har mista, og for å delta under gravferda for 35 av ofra frå byen Arquata.

    – Alle går rundt og kjenner på ei smerte inn i seg, seier Gina Razzetti, ein av innbyggjarane i byen, som hadde kome for å vise si støtte.

    Ho seier at ho ikkje har ord som kan skildre det som har skjedd, og at ho tenkjer på alle dei som har mista nokon i familien, og dei som har mista heimane sine,

    – Ikkje mist motet

    Gravferd Italia

    TRØYST: Dei sørgande vart oppmoda til å omfamne og ta var på kvarandre.

    Foto: Cristiano Chiodi / Ap

    Gravferda er betalt for av staten, og både Italias president Sergio Mattarella og statsminister Matteo Renzi var til stades under seremonien.

    Biskop Giovanni D'Ercole leia gravferda, og oppmoda dei sørgande til å omfamne kvarandre og minne ofra i stilla.

    – Ikkje ver redd for å uttrykkje den smerta de føler, men ver så snill å ikkje mist motet, sa D'Ercole i tala si.

    Eit land i sorg

    Det er offisiell sørgedag i Italia, og over heile landet heng flagg på halv stong for å minne dei om mista livet i jordskjelva denne veka.

    Dei fleste av ofra omkom i fjellandsbyen Amatrice, rundt 140 kilometer nordaust for Roma.

    President Sergio Mattarella i den jordskjelvrammede byen Amatrice

    BY I RUINAR: Italias president Sergio Mattarella var tydeleg prega etter å ha sett ruinane etter jordskjelvet i Amatrice.

    Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

    I dag tidleg besøkte Italias president Sergio Mattarella byen. Der vart han vist rundt i utkanten av ruinane av borgarmeisteren Sergio Pirozzi.

    Presidenten snakka også med redningsmannskapa som framleis leitar etter sakna i ruinane av dei mange samanraste bygningane.

    Ikkje håp om overlevande

    I løpet av natta har leitemannskapet funne endå fleire omkomne i ruinane, og talet på døde har stige til 290, ifølgje italienske styresmakter.

    Tilstanden er framleis kritisk for fleire av dei nærare 400 som vart skadde.

    Det har gått fire dagar sidan det kraftige jordskjelvet, og i går kveld sa redningsmannskapet at dei ikkje lenger leita etter overlevande.

    Styresmaktene seier at dei skal halde fram med å leite til alle er funne.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt