– Rundt 90 prosent av husa er øydelagde

– Nærast alle jordhyttene i regionen kollapsa, fortel Abdul Rasheed Baluch. Han bur i Awaran, ein region som vart hardt råka av skjelvet som til no har tatt 208 menneskeliv.

PAKISTAN-QUAKE/ The rubble of a house is seen after it collapsed following the quake in the town of Awaran

90 prosent av husa i Arawan vart øydelagde etter jordskjelvet som råka Pakistan i går.

Foto: STRINGER/PAKISTAN / Reuters

– Rundt 90 prosent av alle husa i regionen er øydelagde, fortel Baluch til nyheitsbyrået AFP. Han representerer dei lokale styresmaktene, og seier at det er frykt for at dødstala kan auke, no som redningsarbeidet for alvor skal setjast i gang ved daggry.

PAKISTAN-QUAKE/ A survivor of an earthquake sits as he takes tea on rubble of a mud house after it collapsed following the quake in the town of Awaran

Han overlevde jordskjelvet. No sit han i ruinane etter jordhytta som låg i byen i Awaran og lagar te.

Foto: STRINGER/PAKISTAN / Reuters

– Me har vore travle med redningsarbeid gjennom heile natta, og me fryktar at me etter kvart vil finne langt fleire omkomne enn det me veit om til no, seier Baluch.

Gravlegginga av dei mange døydde har allereie starta, og meir enn 300 menneske er hardt skadde etter jordskjelvet som råka Baluchistan-provinsen tysdag ettermiddag.

Skjelvet vart målt til 7,8 på jordskjelvskalaen og var merkbart både i den pakistanske hamnebyen Karachi og den indiske hovudstaden New Delhi, to byar som ligg over 1.000 kilometer frå kvarandre.

– Kvar gong eg kjenner eit jordskjelv, så kjem minna frå jordskjelvet i 2005 straumane på, seier Amjad Ali, ein IT-konsulent i Karachi. Saman med fleire kollegaer kom han seg raskt ut av kontorbygninga då dei kjente skjelvet tysdag ettermiddag.

Skjelvet i 2005 var svakare enn gårsdagens, med ei styrke på 7,6, men tok heile 73.000 menneskeliv, og gjorde meir enn ein million menneske heimlause.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt