Hopp til innhold

Fleire hundre arresterte i protestar mot russisk mobilisering

«Ingen mobilisering!» høyrer AFP demonstrantar skrike på gata i Moskva. Innkallinga av 300.000 reservestyrkar skal allereie vere i gang onsdag kveld.

Russian policemen detain a participant of an unauthorised protest against the partial mobilisation due to the conflict in Ukraine, in central Moscow, Russia, 21 September 2022.

DEMONSTRERER: Fleire hundre menneske skal vere arresterte av politiet i Russland.

Foto: MAXIM SHIPENKOV / EPA

Rekrutteringskontor har gitt ut stablar med vernepliktsdokument til burettslag i St. Petersburg, melder menneskerettsforkjempar Pavel Chikov til byrået.

Forsvarsminister Sergej Sjojgu seier militæret kallar inn folk som har militær erfaring og militære «spesialistar» til krigen i Ukraina, men var lite tydeleg på kven dette ville gjelde.

Sjefredaktør for det statlege mediet RT og ein open støttespelar av Putin, seier i eit innlegg at lista over spesialistområde som er ønska er «klassifisert».

Russian law enforcement officers stand guard during an unsanctioned rally in Moscow

Russisk politi under ein demonstrasjon i Moskva.

Foto: REUTERS PHOTOGRAPHER / Reuters

Likevel er det teikn på at erfaring innan helsehjelp er etterspurt til teneste. Chikov seier vidare til Reuters at medisinsk personell i Moskva «har blitt bedne av rekrutteringskontora om å melde seg».

Nokre selskap skal også ha bede sine tilsette om å dele detaljar om si tidlegare militærteneste så fort som mogleg.

Hevdar at fleire enn tusen er arresterte

Det er onsdag varsla fleire demonstrasjonar i Russland mot den nye mobiliseringa til krigen i Ukraina.

Fleire enn 1300 mennesker i 38 russiske byar skal vere arresterte i samband med desse, melder menneskerettsorganisasjonen OVD-Info.

Russian police officers detain a protester during an unsanctioned rally in Moscow

Ein demonstrant blir arrestert av russisk politi.

Foto: REUTERS PHOTOGRAPHER / Reuters

AFP-journalistar midt i hovudstaden melder at minst 50 menneske har blitt arresterte i ei handlegate der.

– Vi har ikkje sett slike demonstrasjonar i russiske byar de siste fem-seks månadane fordi folk har vore redde for å bli arresterte, og det er det som skjer no, forklarer Sky News-journalist Diana Magnay, som er til stades i Moskva.

– Politiet handterer demonstrantane brutalt, og fleire menneske syng «nei til krig» mot politiet, seier ho vidare.

Russian police officers detain men during an unsanctioned rally in Moscow

Russisk politi har arrestert fleire hundre demonstrantar i Russland.

Foto: REUTERS PHOTOGRAPHER / Reuters

Tek månader før soldatane når slagmarka

Dette er den første gongen Russland mobiliserer sidan andre verdskrig, skriv Reuters.

Talen til den russiske presidenten onsdag, der han kunngjer delvis militær mobilisering, er først og fremst ei innrømming.

Det seier den norske etterretningssjefen, Nils Andreas Stensønes.

– Det er heilt klart ein leiar som må innrømme at det ikkje går bra på slagmarka i Ukraina, og det andre er at han må innrømme at det er ein krig.

Nils-Andreas Stensønes

Etterretningssjef Nils Andreas Stensønes meiner mobiliseringa i Russland vil ta tid.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Då er det nødvendig for han og ta grep for å prøve å snu den utviklinga.

Stensønes seier at sjølv om Russland no ønsker å mobilisere 300.000 ytterlegare soldatar, vil det ta tid å gjere dette i praksis.

– For det første må dei kalle dei inn, dei må kledast og trenast opp, så kan dei sende nokon ned for å erstatte dei store tapa.

– Det er i beste fall månadar før dette vil ha betydeleg innverknad på slagmarka, anna enn å forsterke eller erstatte tapa dei har hatt så langt.

SISTE NYTT

Siste nytt

Skudd og brann ved Frankrikes ambassade i Burkina Faso

Det er blitt avfyrt skudd ved den franske ambassaden i Burkina Fasos hovedstad, Ouagadougou, etter militærkuppet i landet.