Fleire hjelpearbeidarar kidnappa

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I Somalia har væpna menn nok ein gong kidnappa vestlege hjelpearbeidarar.

Den eine av kidnappingsoffera skal vera dansk, medan den andre er amerikansk statsborgar. Begge jobba for Danish Demining Group, som driv med minefjerning i fleire afrikanske land, opplyser bistandskjelder til Reuters.

Dei blei tekne til fange av væpna somaliarar måndag ettermiddag i Galkayo, nord i Somalia, seier ein regional politikar.

Det er den andre bortføringa av hjelpearbeidarar i Somalia denne månaden. I tillegg skal militante islamistar frå Somalia stå bak fleire kidnappingar i nabolandet Kenya den siste tida.

SISTE NYTT

Siste nytt