Angrepet skal ha skjedd like før klokka 15 onsdag ettermiddag.
RTL melder om både drepne og skadde personar etter angrepet, som skjedde då toget kom til den vesle stasjonen Brokstedt. Også gjerningsmannen skal ha blitt skadd i angrepet.
– Ein reisande gjekk til angrep med kniv på regiontoget mellom Kiel og Hamburg. Minst fem personar er skadde og to er drepne, seier føderalt politi til Bild.
Politiet stengde av eit stort område rundt togstasjonen etter hendinga.
Foto: Jonas Walzberg / API tillegg skal ein annan person vere i livsfare, skriv avisa.
Opplysningane om dei drepne blir også stadfesta av innanriksministeren i Schleswig-Holstein, Sabine Süttelin-Waack, overfor nyheitsbyrået DPA.
Sendt til sjukehus
Politiet og naudetatane var raskt på staden, og stengde av eit større område. Gjerningsmannen blei gripen etter kort tid på togstasjonen. Han blei sendt til sjukehus, og blir vakta av politiet der.
Den første meldinga om hendinga kom like før klokka 15.
Foto: Jonas Walzberg / APIdentiteten til gjerningsmannen og ofra er ikkje stadfesta, skriv Bild. Det er heller ikkje mogeleg å seie alderen til gjerningsmannen fordi identifikasjonspapira hans var dekt i blod, skriv avisa.
Ein talsperson for politiet seier at mannen truleg er mellom 20 og 30 år, ifølge RTL.
Det er førebels ikkje kjent kva motivet for handlinga var.
Knivstikkinga skjedde då toget kom til Brokstedt mellom Kiel og Hamburg onsdag.
Deutsche Bahn melder på Twitter at toga som skulle gått på jernbanestrekninga mellom dei to byane innstilt onsdag kveld. Brokstedt stasjon er også stengt.