Hopp til innhold

Seks skotne og drepne i tysk småby

Seks menneske er drepne og to er såra etter skyting inne i ein bygning i den vesle byen Rot am See i Tyskland, opplyser politiet.

Massedrap i Rot am See.

Teknikarar frå politiet i arbeid på drapsstaden i den tyske småbyen Rot am See.

Foto: Sebastian Gollnow / AFP

Ein mann fødd i 1983 er arrestert. Innleiande etterforsking viser at motivet for skytinga mest sannsynleg var «personlege forhold», opplyser politiet.

– Seks menneske er drepne og to såra, sa politisjef Reiner Möller frå nabobyen Aalen på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Den eine av dei såra er livstruande skadd. Tre av dei drepne er menn,tre er kvinner. Alle dei drepne er mellom 36 og 69 år.

Alle ofra var i familie med gjerningsmannen, mellom anna var mora og faren drepne. Politiet hadde førebels ikkje oversikt over familietilknytinga til dei andre.

Massedrap i Rot am See.

Det var i ettermiddag eit stort politioppbod utanfor huset der seks menneske vart drepne tidlegare i dag.

Foto: Sebastian Gollnow / AFP
Skyting i Rot am See.

Fleire menneske er skotne og drepne i den tyske småbyen Rot am See.

Foto: Stringer / Reuters

Familiesamankomst

Möller stadfestar at gjerningsmannen er tysk statsborgar.

Politiet opplyser at dei fekk melding om drapa klokka 12.45 i dag, og dei rykte ut til Bahnhofstrasse i småbyen med store mannskap. Dei opplyser at skytinga gjekk føre seg under det som blir kalla ein familiesamankomst i eit gjestehus.

Gjerningsmannen brukte eit halvautomatisk våpen. Våpenet vart funne utanfor gjestehuset, opplyser politisjef Möller.

Rot am See ligg i distriktet Schwäbisch Hall i delstaten Baden-Württemberg, ikkje langt frå Heidelberg, 170 kilometer nordvest for München. Det er politiet i nabobyen Aalen som etterforskar skytinga, og dei opplyser at situasjonen er under kontroll.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt