Hopp til innhold

Minst 19 drepne i Manchester – mistanke om terror

Det er minst 19 drepne etter eksplosjonen i konsertarenaen Manchester Arena seint måndag kveld, opplyser politiet. Minst 50 andre er såra. Fjernsynsstasjonen NBC melder at det kan vere snakk om ein sjølvmordsaksjon.

Eksplosjon Manchester Arena.

Det oppstod panikk etter det som blir omtalt som ein eksplosjon i Manchester Arena seint måndag kveld. Fleire menneske er drepne og mange såra.

Foto: Joel Goodman / Zuma Press

Folk som var til stades på konserten har lagt ut videoar og bilete på sosiale medium, og bileta viser at det var panikk i salen. Augevitne BBC har snakka om fortel om mellom 20 og 30 menneske som låg livlause på golvet.

Det er ikkje offisielt stadfesta at det var ein sjølvmordsaksjon, men politiet seier ved 01.50-tida norsk tid at dei etterforskar saka som ein terroraksjon.

Fleire har fortalt at det var minst to eksplosjonar inne i arenaen omtrent då konserten var slutt. Ein talsmann for politiet seier ved 02.30-tida at det er funne ein mistenkjeleg gjenstand utanfor arenaen. Dei varslar ein kontrollert eksplosjon i løpet av kort tid.

En av publikummerne filmet kaoset som utspant seg på konserten.

VIDEO: Folk spring for livet.

Flere mennesker er bekreftet omkommet etter det som kan ha vært en terrorhandling på en konsert med Ariana Grande.

VIDEO: Dramatiske scener i arenaen.

Panikk

Det var under ein konsert med artisten Ariana Grande at dette skjedde. Det var fleire tusen menneske til stades på den den store konserthallen, og det oppstod panikk. Det er plass til 21.000 i lokalet, men det er uklart kor mange som var til stades i kveld. Ifølgje BBC var det mange mindreårige på konserten.

Smellet eller smella vart høyrde også utanfor arenaen.

Laster Twitter-innhold

Gater er sperra av, og det er køyrt fram eit stor tal ambulansar. Også politiet har rykt ut med store mannskap.

Vitne fortel at fleire gater rundt arenaen er sperra, og Reuters melder at tog til og frå Victoria-stasjonen i byen er innstilte. Ei kvinne som bur i nabolaget fortel at ho frå vindauget sitt kan sjå folk som spring i panikk frå konsertarenaen.

Eksplosjon i Manchester.

Det er eit stort politioppbod utanfor Manchester Arena i natt. Politiet etterforskar eksplosjonen som ei terrorhandling.

Foto: Peter Byrne / AP
Eksplosjon i Manchester Arena.

Politiet har stengt av eit stort område utanfor Manchester Arena.

Foto: Andrew Yates / Reuters

– Hav av blålys

Ei norsk kvinne som bur i nærleiken av hovudpolitistasjonen i Manchester fortel at ho såg eit hav blålys frå politibilar som rykte ut.

Det blir fortalt at nokon gjekk opp på scena etter eksplosjonen og sa at det var ein ballong som hadde eksplodert nær ein mikrofon. Ein talsmann for artisten Ariana Grande seier at ho er uskadd.

Catherine Macfarlane seier til Reuters at ho var på veg til utgangen då ho høyrde ein kraftig eksplosjon.

– Alle skreik og sprang i retning utgangen, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt