Hopp til innhold

Morsi-tilhengarar drepne av soldat-skot i Kairo

KAIRO (NRK.no): Minst ti menneske er drepne og mange hundre såra i kupp-relatert uro i Egypt fredag. Éin vart skoten i hovudet av hærsoldatardå han skulle hengja opp ein Morsi-plakat.

Morsitilhengere i sammenstøt med militære.

Det har oppstått samanstøytar mellom hærsoldatar og Morsi-tilhengarar ved eit militærbygg i Kairo fredag ettermiddag. Hæren avviser at dei har skote med skarpt mot demonstrantane.

Soldatar opna eld i det Morsi-støttespelarane la på veg mot Republikanargarden sitt hovudkvarter, der det har gått rykte om at den tidlegare presidenten blir halden innesperra.

Fleire segna om i samanstøytane. På landsbasis er totalt ti personar drepne og minst 210 såra i kupp-relatert uro i løpet av fredagen, stadfestar det egyptiske helsedepartementet.

– Dette kan islamistiske grupper bruka som eit påskot til hemnaksjonar vidare. Situasjonen kan koma enda meir ut av kontroll. Det kan bli mange mange fleire valdshandlingar i Kairo, seier NRK sin reporter i Kairo, Jan Espen Kruse.

– Skulle hengja opp plakat - skoten i hovudet

Morsi-støttespelarar har fredag kveld kryssa 6. Oktober-brua over Nilen og sett kursen mot Tahrir-plassen, der opposisjonen oppheld seg. Hæren sine kamphelikopter sirkulerer over plassen i låg høgde.

Det går føre seg valdelege kampar mellom partane og talet på såra og drepne har auka utover kvelden.

To av dei som vart drepne fredag ettermiddag vart raskt dekte til med laken og stadfesta døde. Også ein tredje skal ha vorte drepen momentant etter å ha blitt treft i hovudet, ifølgje ein korrespondent.

– Éin demonstrant sprang ut av folkemengda for å hengja opp ein pro-Morsi-plakat på piggtrådgjerdet som omgir militærbygget. Han blei skoten i hovudet, fortel Al Jazeera sin reporter Matthew Cassel.

(Saka held fram under biletet)

Skoten mann får hjelp av med-demonstrantar i Kairo

Ein mann som vart skoten utanfor Republikanargarden sitt hovudkvarter i Kairo fredag blir frakta vekk frå samanstøytana av andre Pro-Morsi-demonstrantar.

Foto: MAHMUD HMS / Afp

I tillegg skal mange vera såra som følgje av samanstøytane mellom hærstyrkane og Morsi-tilhengarane.

Det kjem også meldingar om at soldatar og politifolk er skotne og drepne på Sinai-halvøya. Det er uvisst om desse åtaka er reaksjonar mot avsetjinga av presidenten.

Ein talsmann for hæren avviser at dei har skote og drepe Morsi-tilhengarar.

Han hevdar militæret berre skaut med lausammunisjon og bruka tåregass. Det er uklart om andre tryggingsstyrkar enn hæren var til stades.

Jan Espen Kruse rapporterer direkte fra Kairo.

På Tahrir-plassen feirar Morsi-motstandarane framleis kuppet, to dagar etter at det fann stad, fortel NRK sin reporter i Kairo Jan Espen Kruse.

Talar med to tunger

Tusenvis av egyptarar som støttar den nyleg avsette presidenten har teke til gatene for protestera mot militærkuppet onsdag denne veka. Stemninga er svært amper, og fleire kamphelikopter vakar over folkemassane.

– Etter forræderiet til forsvarssjef Sisi, kan kva som helst skje. Kanskje vil hæren angripa oss, kanskje vil dei militære bomba oss frå fly. Me vil ofra livet dersom det må til, seier Morsi-støttespelaren Mohamed Ahmed Mohamed til NRK sin reporter i Kairo, Jan Espen Kruse.

Den muslimske brorskapen har oppmoda til massedemonstrasjonar og oppfordrar tilhengarar av Morsi til å ta del i «avvisingas fredag» etter fredagsbøna.

Det er naudsynt å ofra blod i kampen som no går føre seg, var den offensive bodskapen brorskapsleiarane og religiøse frontfigurar kom med til folkemengda då NRK sin reporter var på staden.

I ei kunngjering som kom seinare på kvelden var tonen langt meir forsiktig. Der bad dei folk om å unngå konfrontasjonar med militæret.

«Den egyptiske hæren er ei raud line som de ikkje må tråkka over», var ordlyden frå brorskap-leiinga.

«Ned med militærstyret»

Dei fleste kupp-motstandarane har samla seg ved Rabia al Adawiya-moskeen aust i Kairo.

Leiaren for Brorskapen, Mohamed Badie, vart arrestert under kuppet, men fredag ettermiddag dukka han opp under demonstrasjonane utanfor moskeen.

– Frie revolusjonære, me skal ikkje vika frå stien vår. Me blir verande i gatene fram til me har sett fri presidenten me har røysta fram og me skal bæra han på skuldrene våre, var bodskapen islamistleiaren kom med til meiningsfeller.

«Ned med militærstyret» ropar titusenvis av demonstrantar i fleire byar rundt om i landet .

Fortsatt amper stemning mellom Morsitilhengere og soldater etter tidligere skytingen.

VIDEO: Stemninga er amper ved militæranlegget i Kairo.

Samstundes melder egyptisk fjernsyn at den mellombelse presidenten Adli Mansour har oppløyst det islamist-leidde overhuset i nasjonalforsamlinga og peikar ut ein ny etterretningssjef.

Ved Rabia al Adawiya-moskeen i Kairo haglar det banneord mot soldatane, og mange av demonstrantane held skoa sine opp mot militærpersonellet, som ein tradisjonell form for ærekrenking.

Muslimske geistlege har tidlegare sagt dei vil gå til heilag krig dersom hæren fjerna Morsi frå makta.

Saka vert oppdatert.

Se direktebilder fra Egypt

DIREKTE: Følg den anspente situasjonen i Egypt via NRKs direktesending frå kupp-protestane i Kairo.

SISTE NYTT

Siste nytt