Hopp til innhold

Fleire dødelege bombeåtak i Irak

I Irak er minst 15 menneske drepne og over 60 såra i fleire bombeeksplosjonar torsdag.

IRAQ-UNREST-BASRA IRAQ-UNREST-BASRA

Irakisk politi etterforskar åstaden der tre motorsykkelbomber eksploderte i Basra by, sør i Irak.

Foto: - / Afp

I Basra heilt i sør blei minst ni menneske drepne og 37 såra då tre bomber eksploderte i sentrum av byen, opplyser politiet i byen.

Bombene var festa til motorsyklar, skriv NTB.

I tillegg er minst seks drepne og 23 såra etter at to bomber eksploderte blant regimelojale militssoldatar i den irakiske byen Baquba.

Drepne og såra

Den første eksplosjonen i Baquba blei utløyst av ein sjølvmordsbombar. Det andre smellet kom frå ei bilbombe.

Åtaket råka ein militærbase då medlemmer av militsen Sahwa (Oppvekking), som kjempar for regjeringa mot al Qaida, stod i lønningskø.

– Me har førebels registrert seks drepne og 23 såra, men det blir framleis frakta såra til sjuke­­hus, seier Faris al-Azzawi, ein talsmann for helsestyresmaktene i provinsen Diyala ifølgje Reuters.

Ein doktor ved Baquba General Hospital seier til nyheitsbyrået AFP at dei har teke imot tre drepne og 28 såra.

To av dei drepne var Sahwa-medlemmer, ein tredje var soldat ved den angripne militærbasen.

258 drepne i oktober

Baquba ligg i Diyala, 65 kilometer nordaust for Bagdad.

Sahwa-militsen består av sunnimuslimske stammefolk som i 2006 gjekk over på det amerikanske militæret si side i kampen mot terrorgruppa al Qaida.

Valden i Irak har vorte redusert sidan valdstoppen i 2006 og 2007, men åtak skjer framleis med jamne mellomrom.

I oktober blei 258 menneske drepne i landet, ifølgje offisielle tal.

SISTE NYTT

Siste nytt