Fleire døde i jordskjelv i India

Minst åtte personar er døde og fleire hundre er skadde etter eit jordskjelv i India.

Gå til forsiden

Jordskjelv Imphal

Jordskjelv Imphal

Jordskjelv Imphal

5 bilder
    Marte Halsør
    Journalist

    Kilde: NTB/AP

    Jordskjelvet på 6,7 ramma utanfor byen Imphal aust i India, nær grensene til Myanmar og Bangladesh.

    Ifølgje indiske styresmakter er fem personar stadfesta omkomne, og over 40 personar får behandling på sjukehus. I Dhaka, hovudstaden i Bangladesh, døydde tre menneske av slag og hjarteinfarkt dei fekk like etter skjelvet, og over 60 personar er sende til sjukehus.

    Talet på omkomne er venta å stige. Nyheitsbyrået Reuters melder om ni døde og nær 200 skadde etter jordskjelvet. Styresmaktene fryktar at fleire framleis kan vere fanga under kollapsa bygningar.

    Ifølgje det amerikanske jordskjelvsenteret USGS er jordskjelvet 57 kilometer djupt, og ramma eit område som ligg 29 kilometer vest for byen Imphal, det administrative senteret i delstaten Manipur.

    Laster kart, vennligst vent...

    Jordskjelvet ramma byen Imphal aust i India.

    Store øydeleggingar

    Jordskjelvet skjedde medan mange av innbyggjarane sov. Elektrisiteten i byen gjekk og folk sprang ut i gatene i frykt for at bygningar skulle bryte saman. Vitne melder om øydeleggingar på tak, veggar og trapper.

    – Eg trudde huset skulle kollapse, seier Yerreipem Arthur på telefon frå Imphal.

    Fleire av bygningane i byen har kollapsa, og bakken rista i over eitt minutt, seier Shivachandra Singh, ein av innbyggjarane i Imphal til avisa The Times of India.

    Laster Twitter-innhold

    Svært utsett region

    Denne regionen i Søraust-Asia har hatt fleire kraftige jordskjelv. I 2005 mista over 70.000 menneske livet då eit kraftig jordskjelv, målt til 7,6 på Richters skala, ramma delar av pakistansk og indisk Kashmir.

    I april 2015 omkom omlag 9000 menneske etter eit jordskjelv i Nepal, og fleire enn 900,000 heimar vart øydelagde.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt