Hopp til innhold

– Ingen flaumhjelp å få

I Pakistan veks misnøya med styresmaktene i takt med omfanget av den nye flaumen. Lite har skjedd sidan politikarane lova bot og betring etter gigantkatastrofen i fjor.

Video Flaum i Sør-Pakistan

Flaumen skyl inn over byen Karachi, som er den største byen i Sindh-provinsen der situasjonen er verst. Innbygjarane fortvilar over passive politikarar.

Varselet om meir regn og ein ny, stor flaumkatastrofe er svært dårleg nytt for dei upopulære styresmaktene i Pakistan, som allereie står mellom barken og veden.

Karachi-innbygger

- Flaumråka pakistanarar får ikkje hjelp frå styresmaktene, seier Abdul Quddoos.

Foto: AP

Etter gigantflaumen i fjor sommar, lova styresmaktene strakstiltak for å unngå liknande katastrofar i framtida. Men under årets monsunsesong ligg situasjonen an til å bli minst like ille for innbyggjarane sør i landet.

Flaumråka pakistanarar reknar ikkje med at styresmaktene kjem dei til unnsetning denne gongen heller.

– Problema står i kø for oss. Vatnet i gatene når oss til knea, og trafikken er borte frå gatene. Familiar lir, og styresmaktene gjer ingenting for å betra situasjonen, seier den frustrerte Karachi-borgaren Abdul Quddoos til AP.

– Fullstendig systemsvikt

Pakistan er eit fattig land gjennomsyra av korrupsjon og ein årestad for terrorgrupper. Innbyggjarane rasar dessutan allereie over ei regjering som har vist seg å vera handlingslamma når folket treng den som mest.

Det kom godt til syne under gigantflaumen i fjor, som av FN blei omtalt som ein av dei verste naturkatastrofane i moderne tid.

Arne Strand, forsker ved Fredsforskningsinstituttet

Arne Strand er forskar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.

Foto: PRIO

Sommaren 2010 låg eit område i Pakistan på storleik med Italia under vatn. 2000 menneske mista livet og 11 millionar blei heimlause. Vegar og annan livsviktig infrastruktur blei vaska vekk av dei nådelause vassmengdene.

Politikarane fekk den gongen kraftig kritikk for å reagera både for seint og for svakt.

Medan folket desperat ropte om hjelp, reiste Pakistans president på Europa-besøk. Omsider greip Hæren inn og tok kontroll over redningsarbeidet og distribusjonen av krisehjelp under 2010-flaumen.

– Det me såg i fjor var fullstendig systemsvikt på den politiske sida. Politikarane krangla om prioriteringar og lét til slutt rike landeigarar ta avgjerda om kvar dei skulle leia flaumvatnet, seier forskar ved Chr. Michelsen Institutt (CMI), Arne Strand.

SOUTHASIA-FLOODS/

Pakistanarar flyktar frå heimplassen Tando Allahyar sør i landet. Meir enn fem millionar menneske er råka av flaumen i år. Styresmaktene har vist seg å vera i dårleg stand til å hjelpa sine eigne.

Foto: AKRAM SHAHID / Reuters

Tomme lovnader

Det pakistanske samfunnet har tusenårig erfaring med å tilpassa seg utfordringane som høyrer med til den årlege monsunsesongen. Men sentralmakta og lokale styresmakter har lenge forsømt viktig vedlikehaldsarbeid på landsbygda.

I kjølvatnet av 2010-flaumen lova politikarane å setja i gang strakstiltak for å førebyggja liknande situasjonar i framtida. Diker skulle styrkast, kanalar skulle reinskast og infrastrukturen skulle få ei overhaling.

Så langt har lite skjedd, fortel kollegaen til Strand, Karin Ask, som har fulgt nøye med på situasjonen i Pakistan den siste tida.

Dikene er framleis like falleferdige, kanalane like tette og vegane uframkommelege.

– Den føderale regjeringa har ikkje teke inn over seg at kor viktig det er å prioritera og å investera i landsbygda. Jordbruket er framleis ein av dei viktigaste næringane i Pakistan med mange i arbeid, seier Ask, som er sosialantropolog og forskar ved CMI.

No er den tragiske historia i ferd med å gjenta seg.

I løpet av ein månad, frå den 12.august - 12.september, har minst 209 menneske mista livet som følgje av flaumen i Pakistan. Éin million heimar er totalt øydelagde eller skadde, og minst 5.3 millionar menneske er råka.

– Situasjonen vitnar om ein stat som ikkje er oppegåande og følgjeleg ute av stand til å hjelpa innbyggjarane sine. Misnøya med styremaktene aukar kraftig, legg ho til.

Pakistan Floods

Ein familie forsøker å redda buskapen sin frå flaumvatnet som har gjort enorme skadar sør i landet.

Foto: Pervez Masih / Ap

Får makt men ikkje pengar

Tidleg i sommar vedtok styresmaktene at provinsane skulle få meir makt og ansvar - blant anna til å handtera krisesituasjonar. Tanken var at provinsane ville vera i betre stand til å kartleggja lokale behov og til å setja i verk effektive tiltak.

Men ifølgje CMI forskarane Strand og Ask har ikkje delegeringa av makt blitt fulgt opp med pengeløyvingane som trengst.

– Meir ansvar på lokalt nivå burde slått positivt ut, fordi det er kortare veg til dei som skal reagera. Men det hjelp ikkje med makt på papiret dersom ein ikkje har pengane som trengs for å setja i gang tiltak, seier Strand.

Ein ting har styresmaktene i Islamabad lært etter den krasse kritikken dei fekk i fjor. Sentrale politikarar har vore tidleg og ofte ute i media for å informera om flaumfaren.

I helga bad statsministeren Yousaf Raza Gilani verdssamfunnet om å bistå med ressursar til det humanitære arbeidet.

FN opplyser måndag at dei er i gang med å frakta naudforsyningar til flaumoffera i Pakistan.

– Hittil har me nådd fram til 600 familiar. I løpet av dei kommande dagane vil me utvida hjelpeprogrammet. Målet er å nå fram til ein halv million menneske, seier Amjad Jamal i FNs Matvareprogram (WFP) til nyheitsbyrået AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt