Flaumalarmen går!

Landsbyen Conselice opplevde det store marerittet då flaumvatnet kom tilbake for andre gong.

Valentina og kjærasten er på veg for å levere flaskevatn til slektningar.

Dei nyttar syklar for å frakte vatnet som veg ein del.

Heime hjå slektningane er første etasje full av gjørmevatn. Flaumen blir beskriven som den verste på eit århundre.

«Du arbeider eit heilt liv og på nokre timar er alt øydelagt.»

Tante Valentina

Brannmenn går frå hus til hus for å høyre om nokon treng hjelp.

Over 36.000 personar har forlate heimane sine på grunn av flaumen nordaust i Italia.

Redningsmannskapa har fått melding om at ein hund klynkar ved eit hus.

Ei kvinne får hjelp til å berge ut dei to hundane sine.

Hunden er tydeleg redd og skjelv.

Ombord i gummibåten får hunden litt trøyst og han roar seg.

Mange ber om hjelp til å kome seg på tørt land. Straumen har gått. Dei manglar reint vatn og mat.

Det høgste farevarselet for regn er framleis gjeldane. Og det er venta nedbør gjennom heile helga.

Gummibåtane går i skytteltrafikk. På nokre timar er hundrevis av menneske berga ut.

Mange er dårlege til beins.

Andre klarar å kome seg ut for eiga maskin.

På nokre få timar har dei aller fleste fått hjelp. Brannvesenet gjev den hjelpa dei kan før dei må reise vidare til neste alarm.

NRKs team i Italia

Roger Sevrin Bruland og Andras D. Hajdu
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal