Hopp til innhold

Flaum av naudhjelp til Australia

Fleire hundre millionar kroner blir pumpa inn i naudhjelpsarbeidet etter flaumen i Australia.

Australia vegskilt

På denne vegen er det avgrensa køyring, ifølgje skiltet.

Foto: DANIEL MUNOZ / Reuters
Redningsarbeider med vatn til livet

Denne redningsarbeidaren ser ut til å kjempe ein umogleg kamp mot vassmassane.

Foto: DANIEL MUNOZ / Reuters
Australias statsminister Julia Gillard

No lovar statsminister Julia Gillard at fleire hundre millionar kroner er på veg.

Foto: MICK TSIKAS / Reuters

– Vi kjem til å ha store problem med flaumen ut heile januar månad, seier delstatsminister Anna Bligh i Queensland.

No ventar innbyggjarane i Rockhampton på at Fitzroy-elva skal nå den venta flaumtoppen på 9,4 meter ein av dei første dagane .

Regionen er så godt som avstengd frå området og militæret må frakte materiell inn og gjere folk klare til å evakuere. Fleire enn 200.000 menneske er råka av den verste flaumen i landet på 50 år .

Hundrevis av millionar

I natt har den stadig aukande mengda med flaumvatn trengt inn i enda fleire hus. Fleire enn 1000 menneske ventar på å bli evakuerte.

Det skal ikkje stå på finansieringa, lovar statsminister Julia Gillard.

– Alt i alt, med hjelp frå samveldelanda, blir summen vi kan bruke på naudhjelp på fleire hundre milionar kroner, seier ho til avisa The Australian.

Samtidig er det klart at alle små bedrifter får innvilga støtte på opp til 150.000 kroner, og kvar vaksen får innvilga meir enn 6000 kroner for å dekke straksbehov.

Gillard håpar militær hjelp kan få fart på prosessen med å få rydda opp etter flaumen.

50 tonn mat i flydropp

Et militærfly skal sleppe 50 tonn med mat over Rockhampton-området dei neste dagane, og tre militærhelikopter står klare til å hjelpe folk å evakuere.

Helikopter skal også brukast til å frakte mat ut til meir avsidesliggande område i Rockhampton, og i tillegg sleppe ut medisinsk utstyr og medisinar.

I tillegg til den nasjonale militære innsatsen, har både New Zealand og USA tilbode seg å hjelpe til.

Det er no truleg ti menneske som er døde i flaumen sidan 30. november, etter at to personar har forsvunne i vassmassane i dag. I går vart ei 41 år gamal kvinne funnen død 2 kilometer unna der bilen hennar var teken av vassmassane.

I dag melder politiet at ein mann i 60-åra forsvann i eit område med 4,7 meter høgt flaumvatn, og at det er for farleg å leite etter han i området.

Og i dag tidleg vart liket av ein fiskar funnen 13 kilometer frå der han sitt vart sett nær Gladstone.

Det er venta at vatnet skal stige enda litt

Vatnet skal opp til 9,4 meter, ifølgje prognosane. Det er framleis langt til rekordmålinga i 1918.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt