Ei gruppe på ni eldre kvinner vart tekne med makt av soldatar frå eit hus i busetjinga og inn i ein ventande buss. Kvinnene skreik og sparka, og ropte skjellsord mot soldatane, fortel augevitne.
Bussar
Dei første bussane med tvangsevakuerte busetjarar har no køyrt frå Gazastripa og inn i Israel. På andre sida av grensa står hotell klare til å ta mot dei evakuerte.
Samstundes har israelske soldatar starta arbeidet med å øydeleggje hus i ei busetjing heilt nord på Gazastripa. Etter avtalen med palestinarane skal alle bustadhusa øydeleggjast før kontrollen over området blir overlaten til palestinsk politi.
Korrespondent for NRK i Midtausten, Odd Karsten Tveit, er i sntrum av busetjinga Neve Dekalim, der mange av dei hardaste motstandarane av tilbaketrekkinga er samla. Han kan fortelje at dei har sett fyr på søppelcontainerar og bygd barrikadar i gatene rundt.
Ut i dag
Ein general Tveit har snakka om seier at han ikkje reknar med at dette skal skape store problem for evakueringa, og han trur dei fleste skal vere ute av busetjinga i løpet av dagen i dag.
Mange busetjarar reiser frå Gazastripa med tungt hjarte. (Foto. AFP/Scanpix)
Soldatane har enno ikkje gått til aksjon akkurat der han er. Tveit kan fortelje at evakueringa går føre seg i fullt andre stader, medan dei har soldatane og politifolket har teke seg ein pause akkurat der han er.
Han opplyser at den teologiske høgskulen i Neve Dekalim vart evakuert i føremiddag. Studentane der gjorde berre passiv motstand, slik at dei måtte berast ut av bygningen.
Minst 50 bussar med soldatar kom til Neve Dekalim i morgontimane i dag. Soldatane tok oppstilling rundt busetjinga, og like etter klokka sju norsk tid (klokka åtte lokal tid) gjekk soldatane inn.
Soldatar har i tillegg til Neve Dekalim også gått inn i busetjingane Ganei Tal, Bedollah og Morag. Hittil er fire av 21 busetjingar på Gazastripa ferdig evakuerte, opplyser den israelske hæren.
Fristen for busetjarane til å flytte friviljug frå heimane sine på Gazastripa gjekk ut i går kveld.
Uklart kor mange
Det er uklart kor mange som framleis oppheld seg i den største busetjinga Neve Dekalim, der mange av dei sterkaste motstandarane av tilbaketrekkinga har halde til.
Den israelske avisa Haaretz skriv i dag at 832 av dei i alt 1.550 familiane som er registrerte som busetjarar i området har respektert tidsfristen. Spørsmålet er kor mange støttespelarar som har kome seg inn på Gazastripa.
Det er spent i busetjinga Neve Dekalim i føremiddag. (Foto: AFP/Scanpix)
Det har vore snakk om at 5000 motstandarar av tilbaketrekkinga har greidd å kome seg inn i området, trass i at store politistyrkar har vore utplasserte for å hindre nettopp det.
Det er desse unge aktivistane, mange frå busetjingar på Vestbreidda, som er venta å skape problem for dei israelske soldatane.
I løpet av natta er 400 personar som prøvd eå kome seg inn på Gazastripa frå Israel arresterte.
Busetjarar som nektar å flytte og deira støttespelarar har sett fyr på søppel i busetjinga Neve Dekalim. (Foto: AFP/Scanpix)