Hopp til innhold

Fiskebåt med 42 om bord forliste i Sørishavet

Ein sørkoreansk fiskebåt med 42 menneske om bord sokk natt til måndag i Sørishavet. Fem personar er stadfesta omkomne og 18 er sakna.

Sørkoreansk skip forliste i Sørishavet

Av eit mannskap på 42 er 20 personar redda etter at trålaren «Number One Insung» forliste i Antarktis natt til måndag. Søket etter dei 18 som er sakna, vert no trappa ned (arkivfoto).

Foto: Insung Corporation / Afp

– Det er no lite sannsynleg at dei sakna vil bli funne i live, seier redningsarbeidar Dave Wilson til AFP like før klokka 06.00 måndag morgon.

Trålaren «Number One Insung» skal ha gått ned omkring 1.000 nautiske mil nord for forskningsstasjonen McMurdo i Antarktika.

20 plukka opp i live

Eit skip som var i nærleiken plukka opp 20 overlevande frå sjøen kort tid etter at båten forliste rundt klokka 18.30 søndag (norsk tid).

–20 personar er i live, 18 er sakna og fem er stadfesta døde, sa Ross Henderson, ein talsmann for organisasjonen.

Ifølgje sjøfartsorganisasjonen Maritime New Zealand hadde ikkje styresmaktene i New Zealand motteke meldingar frå trålaren før den sokk.

Ber om hjelp til søk

Den sørkoreanske kystvakten seier mannskapet på 42 inkluderer sørkoreanarar, kinesarar, indonesarar, vietnamesarar, filippinarar og en russar.

Alle skip i det avsidesliggande området er spurde om å bidra i søket etter dei sakna fiskarane, ifølgje NTB

SISTE NYTT

Siste nytt