Hopp til innhold

Fiskar opp lik frå Nilen etter massakren i Sudan

Tre dagar etter Sudans blodige måndag vert det framleis henta opp lik frå Nilen. Over 100 menneske er drepne, og landets demokratiprosess har bråstoppa.

Demonstrantene barrikaderer gatene med brennende bildekk

Demonstrantane sett fyr på dekk og blokkerer ein viktig veg. Dei har ikkje gitt opp etter måndagens massakre, der over 100 menneske skal ha blitt drepne. Fleire dagar etter massakren vert framleis nye lik funne.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

– 40 av våre noble martyrar vart funne i Nilen i går, skriv ei gruppe av sudanske legar på sine Facebooksider. Gruppa tilhøyrer dei mange tusen demonstrantane i Sudan.

Brutal start på veka

Samtidig som sola stod opp over Sudan måndag morgon gjekk mange hundre soldatar inn i områda kor demonstrantane har slått leir. Dei skaut vilt rundt seg med maskingevær, sette fyr på telt, og vitne seier at dei også kasta folk på Nilen.

AFP_1H69QA

Det var ein brutal start på veka då store styrker gjekk til angrep på demonstrantane.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Det same skjedde i fleire sudanske byar. Regimet seier at dei vil etterforske kva som skjedde. Dei fleste vitne meiner det er Rapid Support Forces som står bak.

Dette er ei gruppe med eit særs dårleg rykte, og som også er skulda for å stå bak grove brot på menneskerettane i Darfur.

Intern splid i militærjuntaen

Den militære juntaen som styrer Sudan no er særs splitta, og mykje tyder på at denne spliden har blitt større etter måndagens massakre. Medan ein del av regimet har forhandla med demonstrantane har altså andre delar av militærjuntaen planlagd eit væpna angrep på demonstrantane.

AFP_1FZ2XU

Demonstrantane i Sudan kjem i alle aldre, og begge kjønn.

Foto: OZAN KOSE / AFP

No meiner ekspertar at risikoen er stor for at ulike delar av militæret kan starta å krige mot kvarandre.

– Militærjuntaen (TMC) var aldri ei einsarta gruppe med ein felles visjon. Den var djupt splitta frå byrjinga av. Det var nokon som stod veldig nær Bashir (tidlegare president som vart kasta i april), nokon som var moderate, mens nokon var nølande. Men det store talet på drepne har utløyst ei krise innan juntaen, seier den politiske analytikaren Rashid Abdi til The Guardian.

Kasta ut av Den afrikanske union

I dag vart Sudan kasta ut av Den afrikanske union. Unionen kunne ikkje lengre sjå på det som skjer i Sudan, og krev no at det militære regimet sørger for at det kjem på plass ei sivil regjering.

Demonstrantane i Sudan har ikkje gitt opp, sjølv om mange har blitt redde etter måndagens massakre. Opposisjonsleiarane i Sudan oppmodar sine støttespelarar til å halde fram med sine protestar til eit sivilt styre er på plass.

No har demonstrantane også fått eit nytt krav: Å sørge for at personane som står bak måndagens massakre vert stilte til ansvar for sine gjerningar.

AFP_1FX6OJ

Demonstrantane i Sudan har i stor grad vore fredfulle. Dei krev ei sivil regjering etter mange tiår med militært diktatur.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Regional stormaktskamp

Mange spekulerer også i om Sudan har blitt ei brikke i ein storpolitisk maktkamp.

Analytikarar The Guardian har snakka med meiner at Egypt, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirat (SAE) har ein finger med i spelet. Alle dei tre landa har lenge vore nære allierte til Sudans regime, og fleire har gitt store summar i støtte til Sudan. Seinast i april fekk Sudan økonomisk hjelp frå Saudi-Arabia og SAE. Hjelpa var på 26 milliardar kroner.

Om det skulle bli regimeskifte i Sudan kan dei nye makthavarane velje å samarbeide tettare med andre land, noko analytikarane meiner er grunnen til at dei tre arabiske landa støtter opp om styresmaktene i Sudan.

Spesielt for Egypt, som er nabolandet til Sudan, er det viktig med eit godt samarbeid. Nilen og grensekontroll er viktige saker for begge dei to landa.

SISTE NYTT

Siste nytt