NRK Meny
Normal

Fire soldatar drepne i NATO-angrep

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire afghanske soldatar er drepne i eit bombeangrep frå NATO-fly, melder det afghanske forsvarsdepartementet.

Angrepet skjedde onsdag kveld i Helmand-distriktet.

– Mellombelse rapportar tydar på at fire afghanske soldatar er drpene i eit luftangrep natt til i går, medan dei patruljerte i Musa Qala-distriktet, seier talsmann for forsvarsdepartementet, general Mohammad Zahir Azimi.

Musa Qala er eit uroleg område i Helmand-distriktet sør i Afghanistan, der opprørarar i Taliban står sterkt.

– Våre kjelder har gjort oss merksame på at fire afghanske soldatar er drepne, seier ISAF-talsmann Michael Johnson til nyheitsbyrået AFP.

NATO-styrken i Afghanistan har innført strenge kontrollar for å unngå slike feilangrep.

Seinast i går sa president Hamid Karzai at måten NATO driv krig på i Afghanistan, aukar støtten til Taliban .

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt