Hopp til innhold

Fire PKK-krigarar drepne i «uhell»

Minst fire menneske vart drepne og 17 såra, to av dei kritisk, i ein eksplosjon i det søraustlege Tyrkia torsdag kveld.

tyrkiana

Tilstanden er kritisk for fire av dei såra, opplyser tryggingskjelder til nyheitsbyrået Reuters. Eksplosjonen skjedde i Sarikamis-området, rundt 25 kilometer frå Diyarbakir, den største byen i det kurdisk-dominerte området søraust i Tyrkia, melder Reuters.

Det tyrkiske innanriksdepartementet opplyser at eksplosjonen skjedde medan militante kurdarar frå PKK lasta eksplosiv inn i ein liten lastebil. Alt tyder på at det var snakk om eit uhell, og at eksplosiva gjekk før det var meininga.

Kraftig eksplosjon

Innanriksdepartementet seier at dei fire drepne var militante frå PKK, men at mange av dei såra er sivile.

Folk som bur i nærleiken fortel at dei høyrde ein kraftig eksplosjon på fleire kilometers avstand klokka 21.30 norsk tid. Elektrisitetsforsyninga i området er slått ut, og det vart gjort skade på fleire bustadhus

I går vart tre personar drepne og 42 såra, då ei bilbombe retta mot politiet gjekk av i Diyarbakir, som er hovudstad i provinsen med same namnet.

Putin: Tyrkia samarbeider med terrorister

Fleire angrep

Sju politifolk vart drepne i same byen i mars i år. Byen ligg ikkje langt frå grensa til Syria, og den forbodne kurdiske organisasjonen PKK har står sterkt i området. PKK og andre kurdiske gruppe har stått bak fleire angrep mot politi og militære.

Det tyrkiske forsvaret har gått til massive luftangrep mot PKK-mål både i Tyrkia og i Nord-Irak. Hæren har innført portforbod og gått inn med stridsvogner i kurdiske område for å nedkjempe opprørarar, men mange sivile har også mist livet i angrepa.

Masseslagsmål i Tyrkias nasjonalforsamling

SISTE NYTT

Siste nytt