Den første mannen vart drepen av ei bombe som var festa under ein israelsk buss som frakta palestinske arbeidarar, melder nyheitsbyrået AFP. Det er ikkje klart kven som plasserte bomba.
Den omkomne skal ha vore utanfor bussen då bomba eksploderte.
I Gaza by omkom to palestinarar og minst to andre blei skadde då to hus vart øydelagde av ei bilbombe, melder AFP. Ein av dei drepne var med i den militante rørsla Hamas.
Ifølgje politiet var bomba festa til ein bil som stod i garasjen til Hamas-medlemmet som eigde det eine av dei ødelagde husa. Politiet veit ikkje kven som stod bak aksjonen.
I natt skaut og drap israelske soldatar ein ettersøkt palestinsk mann i Hibla utenfor Kalkilya på den nordlege delen av Vestbreidda.
Mannen skal tidlegare ha samarbeidd med israelarane. Det er uklart kvifor han var ettersøkt.