Hopp til innhold

Fire omkom - fleire skadde på gresk ferieøy

Fire menneske, blant dei ein niåring, omkom og fem andre er skadde etter at ein turistbåt med 20 menneske om bord vart påkøyrd av ein hurtiggåande båt utanfor den greske øya Ejina i dag.

Delar av turistbåten som vart påkøyrd i Ejina.

Augevitne har fortalt at turistbåten vart kløyvd i to av ein hurtiggåande båt. Her blir delar av turistbåten henta opp.

Foto: Yannis Liakos / Ap

Tilstanden er alvorleg for to av dei skadde, opplyser den greske kystvakta som opplyser dette. Ingen er lenger sakna etter ulukka, men det blir framleis gjort søk i området.

Ulukka skjedde i det smale sundet som skil Ejina frå den ubebodde naboøya Moni.

– Delte båten i to

Båtulukke i Ejina.

Dei skadde vart tekne til sjukehus i Pireus på det greske fastlandet.

Foto: GRERT/EBU

Båtar med turistar køyrer strekninga der ulukka skjedde fleire gonger dagleg, på veg til og frå ei populær badestrand på Moni. Kapteinen på turistbåten er blant dei omkomne.

Augevitne fortel at den hurtiggåande båten køyrde rett inn i turistbåten med fronten først, og delte denne båten i to. Føraren av speedbåten skal ha fortalt at han ikkje såg den andre båten. Han skal ikkje ha vore i stand til å forklare seg i det første avhøyret med politiet.

Føraren, som er i politiet si varetekt, skal ikkje ha vore eigar av speedbåten.

Private båtar, skip frå den greske kystvakta og helikopter har i fleire timar leitt etter overlevande i sjøen.

Ejina, som ligg i Saroniabukta like utanfor det greske fastlandet, er ei populær ferieøy både for grekarar og utlendingar. Øya ligg ikkje langt frå hovudstaden Aten.

Båtulukke på Ejina i Hellas.

Ein mann peikar mot staden der ulukka skjedde mellom Ejina og naboøya Moni.

Foto: GRERT/EBU
Båtulukke i Ejina.

Det var ein båt som frakta turistar ut til naboøya Moni som vart påkøyrd av ein hurtiggåande båt i dag.

Foto: GRERT/EBU

Turistbåt av tre

Det var truleg mellom 15 og 20 menneske om bord i turistbåten, medan det skal ha vore tre personar om bord i den hurtiggåande båten. Båten som frakta turistane skal ha vore ein trebåt.

Vitne fortel til fjernsynsstasjonen Mega at åtte til ni personar låg i vatnet etter ulukka, og at nokre sumde og andre var medvitslause.

Det er ikkje klart kva nasjonalitet dei som var involverte i ulukka hadde.

Borgarmeisteren på Ejina, Dimitris Mourtxzis, sa tidlegare i dag til Skai TV at fleire menneske var sakna. I kveld blir det opplyst at det ikkje er fleire sakna. Mourtxzis kallar det som har skjedd for ein ufatteleg tragedie.

Saka blir oppdatert

egina-hellas

SISTE NYTT

Siste nytt