Hopp til innhold

Fire menn gjengvaldtok og brente ei kvinne levande i India

Raseriet er stort i Hyderabad i India etter at fire menn erkjente at dei gjengvaldtok ei 27 år gammal kvinne. Etterpå brente dei henne levande, ifølgje lokalt politi.

Protest mot voldtekt i Hyderabad i India

Ungdommar danna laurdag kveld ei menneskeleg lyskjede i protest mot valdtekta og drapet på ein ung kvinneleg veterinær i Hyderabad. Dei tok oppstilling framfor politistasjonen der fire menn sit i varetekt.

Foto: DIPTENDU DUTTA / AFP/NTB Scanpix

Protest mot voldtekt i Hyderabad i India

Banneret viser ansiktet til den drepne kvinna.

Foto: DIPTENDU DUTTA / AFP

– Fire menn er arresterte, og dei har erkjent seksuelt overgrep mot offeret, fortel politiinspektør Venkatesh til CNN.

Fordi mennene brukte vald, skal kvinna ha vore delvis medvitslaus etter overgrepet som skjedde i byen Hyderabad onsdag.

– Dei køyrde henne i lastebil til ein annan stad. Der la dei henne under ei bru, helte bensin over henne og brente kroppen, fortel Venkatesh.

Kvinna døydde etter hendinga.

Politi på åstedet der et voldtektsoffer ble brent i Hyderabad i India

Politi på staden der den unge kvinna vart brent levande i utkanten av storbyen Hyderabad.

Foto: KK/AP / NTB Scanpix

På grunn av omfattande brannskadar kunne ikkje medisinske undersøkingar konkludere med at ho hadde vorte valdtatt.

Ifølgje tal frå nyheitsbyrået DPA vart 33.658 kvinner og jenter valdtatt i India i 2018, men det blir antatt å vere store mørketal.

SISTE NYTT

Siste nytt