NRK Meny
Normal

Fire gutar er ute av grotta: Dei friskaste er redda ut først

THAM LUANG-GROTTEN (NRK): Ti timar etter at dykkarar tok seg inn i grotta for å hente ut fotballaget, er den første gruppa med gutar ute av grotta.

– Fire gutar har kome ut av grotta og er frakta trygt til sjukehus, seier provinsguvernør og redningsleiar Narongsak Osottanakorn på ein pressekonferanse like før klokka 16.00 norsk tid søndag.

Redningsleiaren seier vidare at det er dei friskaste gutane som blei redda ut først, melder AP.

– Operasjonen gjekk mykje betre enn venta, seier Osottanakorn.

Redningsmannskapa treng no 10–20 timar før dei kan setje i gang ein ny operasjon for å berge ut den neste gruppa med gutar.

Treng fleire lufttankar

Osottanakorn seier at dykkarane har brukt opp alle flaskene med luft, og nye må plasserast ut i grotta før redningsaksjonen kan fortsette.

Då redningsaksjonen starta tidleg søndags morgon var det venta at dykkarane kom til å bruke elleve timar på å turen inn og ut av grotta.

Ifølgje The Guardian skal ein reporter på staden ha blitt fortalt at den låge vasstanden har gjort at det gjekk raskare å kome seg ut av grotta. Fleire stadar har gutane kunne ta seg til fots i staden for å måtte symje eller dykke.

Til saman har over 90 dykkarar vore involverte i redningsaksjonen, opplyser redningsleiaren.

Redningsaksjon

Folk gratulerer kvarandre utanfor grotta i Chiang Rai. Thanet Natisri (t.v.) er vassingeniør og glad for å høyre at fleire av gutane er redde ut av grotta.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRk

Legesjekk

Fleire ambulansar er på plass utanfor grotta, og er klare til å køyre gutane til sjukehus for legesjekk så snart dei har kome ut.

Like etter at dei første meldingane kom, om at nokre av gutane var ute, kunne ein sjå ambulansar med sirener køyre frå staden.

Dei to første gutane som kom ut skal ha tatt seg til eit feltsjukehus nær grotta for eiga maskin, før dei blei flogne til sjukehuset Chiangrai Prachanukroh. Der er det sett av store ressursar til å behandle gutane.

Helikopter

Når gutane er ute av grotta, skal dei bli flogne i helikopter til eit sjukehus i byen Chiang Rai.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters

Vasslangar

Det var varsla kraftig regnvêr i området, og redningsmannskap har gjort det dei kan for å hindre at meir vatn skal renne ned i grotta.

Dersom vasstanden aukar kan det gjere redningsarbeidet mykje meir krevjande.

To digre rullar med vasslangar vart derfor frakta til utsida av grotta for å lage eit dreneringssystem, i eit forsøk på å halde vasstanden nede.

Thailand Grotte Illustrasjon

Illustrasjonen viser kvar gutane er i grotta, og passasjen dei må kome seg gjennom.

Foto: Melinda Furulund / NRK

I går blei fire redningsarbeidarar skadde i ei ulukke då dei prøvde å dra ein vasslange som skulle bli brukt til å lage eit dreneringssystem på utsida av grotta.

Målet med dreneringssystemet er å tette igjen opninga i fjellet og sørge for at vatnet berre renn ut.

Ambulanse kjører fra grotten i Thailand
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt