Hopp til innhold

Fire drept i luftangrep på sjukehus i Jemen

I tillegg vart ti skadde då eit prosjektil trefte bygningen, i det som er det tredje alvorlege angrepet på Leger Uten Grenser sine sjukehus i landet.

Mideast Yemen Hospital Attack

Det er tredje gong eit MSF-støtta sjukehus vert angripe. Dette er eit bilete frå sjukehuset som vart angripe i oktober, også det i Saada-provinsen nord i landet.

Foto: Ap

Det var søndag morgon at eit prosjektil skal ha treft sjukehuset i Saada-provinsen nord i landet, og endå eit prosjektil i nærleiken av sjukehuset. Fleire av bygningane skal vere øydelagde.

Av dei skadde er tre tilsette i organisasjonen. Både tilsette og pasientar har blitt flytta til eit anna sjukehus.

Tredje gong på tre månader

– Vi fordømmer angrepet på det sterkaste, seier styreleiar Bjørn Nissen i Leger Uten Grenser (MSF) i Noreg.

Dette er den tredje alvorlege hendinga for MSF i Jemen på mindre enn tre månader. 27. oktober vart Haydan sjukehus øydelagt i eit luftangrep, og 3. desember vart eit helsesenter i Taiz treft. MSF opererer i åtte provinsar i det krigsherja landet.

– Alle stridande partar får med jamne mellomrom GPS-koordinatane til stadene der MSF jobbar, seier Nissen.

– Det er utenkeleg at nokon som har kapasitet til å utføre eit luftangrep eller fyre av ein rakett, ikkje skulle vere kjende med at Shiara sjukehus er eit fungerande sjukehus som yter livsviktige tenester og er støtta av oss.

Ifølge New York Times har ikkje organisasjonen nemnd namn på dei som står bak prosjektilen, men dei fortel om fly som vart sett i lufta over anlegget før angrepet.

Det er ein koalisjon leia av Saudi-Arabia som har dominert den jemenittiske himmelen det siste året. Dei har sidan mars gjennomført luftangrep mot den sjiamuslimske houthi-militsen, som i februar tok kontroll over Jemens hovudstad Sanaa i sitt opprør mot den Saudi-vennlege regjeringa.

YEMEN-SECURITY/ A house is pictured after it was destroyed by a Saudi-led air strike in Yemen's capital Sanaa

Trass i forsøk på ein våpenkvile i desember har krigen halde fram. Her er eit hus i hovudstaden Sanaa etter eit angrep 8. januar.

Foto: KHALED ABDULLAH / Reuters

Uro for at Saudi-Iran-konflikt kan øydelegge for fredsavtale

Houthi-opprørarane vert støtta av Iran, og dette er ein av fleire konfliktar i Midtausten der dei to rivalane Saudi-Arabia og Iran står på kvar si side.

Spenninga mellom dei to regionale stormaktene auka betydeleg for ei veke sidan då Saudi-Arabia avretta den sjiamuslimske sjeiken Nimr al-Nimr, og har ført til uro for konsekvensane når det gjeld fredsforhandlingar både i Jemen og i Syria.

Saudi-Arabia har fått mykje kritikk for luftkampanjen i landet, og denne veka vart dei skulda av Human Rights Watch for å bruke klasebomber.

FN har i fleire omgangar prøvd å få i stand ein fredsavtale, seinast i desember – men utan hell.

YEMEN-SECURITY/ U.N. Special Envoy Ismail Ould Cheikh Ahmed arrives at the airport in Yemen's capital Sanaa

Ould Cheikh Ahmed er på reisefot for å få partane i Jemen-krigen til å delta på fredsforhandlingar i Genève seinare denne månaden.

Foto: MOHAMED AL-SAYAGHI / Reuters

Søndag kom deira spesialutsending Ould Cheikh Ahmed til hovudstaden Sanaa for å overtale houthiane til å ta del i nye samtalar i Genève 14. januar.

Enn så lenge held kampane fram. Fleire naudhjelpsgrupper har blitt evakuert, samstundes som dei fortel om enorme behov. Rundt 80 prosent av folket i landet skal ha behov for humanitær hjelp, ifølge FN.

SISTE NYTT

Siste nytt