Hopp til innhold

Fire drepne i sjukehusangrep

Fire personar er drepne etter at væpna menn storma eit sjukehus i Pakistan og skaut vilkårleg rundt seg, opplyser politiet.

To politifolk vart drepne

To drepne politifolk blir frakta vekk frå sjukehuset etter at væpna menn storma dei.

Foto: Arif Ali / Afp

Angriparane kom seg unna

Pakistansk politi klarte ikkje å ta angriparane. Dei seier fire personar er drepne. Sjukehuskjelder hevdar 12 misste livet i angrepet.

Foto: Arif Ali / Afp
80 drepne etter moské-angrep

Ein av moskéane som vart utsette for sjølvmordsbombarar. Fleire enn 80 misste livet.

Foto: Arif Ali / Afp

Angriparane storma inn på sjukehuset der offer frå angrepet på ein moské fredag låg til behandling.

– Dei starta å skyte vilkårleg rundt utanfor akuttmottaket og intensiv­avdelinga, seier legen Javed Akram som jobbar ved sjukehuset i Lahore.

Akram hevdar at så mange som 12 personar vart drepne i angrepet.

Offer frå moské-bombe

Fleire offer og ein av dei påståtte angrepsmennene etter sjølvmordsangrepet fredag var innlagt for behandling på sjukehuset.

Ein anonym tilsett på sjukehuset seier ein av dei drepne er den påståtte angrepsmannen som får behandling på sjukehuset.

Angriparane slapp unna

Politiet meiner det ser ut som om angriparane ønskte å drepe eller sleppe fri ein mann som låg inne på sjukehuset, som skal ha vore med på moskéangrepet.

Kommisjonær i Lahore, Khusro Pervez Khan, seier til nyheitsbyrået Reuters at angriparane forsvann etter skytinga, men at ein av dei vart skadd. Politiet jaktar på mennene, seier Khan.

SISTE NYTT

Siste nytt