Amerikanske styresmakter opplyser at amerikanske og britiske fly angreip eit mål like utanfor Basra, men at det var snakk om eit luftforsvarsanlegg.
Augevitne fortel til nyheitsbyrået Reuters at kontorbygningen til eit oljeselskap vart trefte av bombene.
Oljeselskapet som eig anlegget har hovudansvaret for å overvake olje for mat-avtalen med FN. via Mina-al-Bakr-terminalen.
Åtaket er stadfesta av irakiske oljestyresmakter og av sivilforsvaret. Talet på døde kan stige. Ein talsmann for oljeselskapet sa at målet for bombene var eit administrasjonsbygg på oljeanlegget. Dei døde og skadde var tilsette i selskapet og folk som tilfeldigvis gjekk forbi bygningen som vart treft.
Åtaket vil ikkje føre til stans i oljeproduksjonen på anlegget, og får heller ikkje noko å seie for olje for mat- programmet.