Hopp til innhold

Minst fire drepne i opptøyar i Elfenbeinskysten

Minst fire personar er skotne og drepne i trefningar mellom politi og demonstrantar som støttar president­kandidaten Alassane Ouattara.

Opptøyer i Elfenbenskysten

Mililtære som støttar sitjande president Laurent Gbagbo slår ned på opptøyane i Elfenbeinskysten.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Presidentkandidat Alassane Ouattara

Presidentkandidat Alassane Ouattara har bede sine tilhengjarar om å protestere mot valresultatet i Elfenbeinskysten.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp
President Laurent Gbagbo får støtte

President Laurent Gbagbo får støtte på eit folkemøte i Abidjan.

Foto: THIERRY GOUEGNON / Reuters
Tilhengere av Alassane Ouattara i Elfenbenskysten

Tihengjarar av Alassane Ouattara brenn dekk i gatene.

Foto: KAMBOU SIA / Afp
Politiet og militæret er i gatene

Politiet og militæret støttar sitjande president Laurent Gbagbo.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Valden skjer i hovudstaden Abidjan, der demonstrantane krev at valresultatet frå presidentvalet blir ståande.

Ein fotgraf frå nyheitsbyrået AFP melder at han har sett tre drepne nord i Abidjan. Ein annan AFP-fotograf seier han såg eit fjerde offer sør i byen.

– Gbagbo-styrkar skyt

Eit augevitne seier til AFP at dei tre som er skotne og drepne nord i byen, vart skotne av styrkar som støttar sitjande president Laurent Gbagbo.

Også i den sørlege delen av Abidjan var mange Ouattara-tilhengjarar ute i gatene for å støtte sin kandidat. Dei vart møtte av væpna soldatar.

AFP melder at det er høyrt ein kratig eksplosjon ved hovudkvarteret til Alassane Ouattara.

Stridsvogndiktatur

Mannen som vil bli statsminister om Ouattara blir president, Guillaume Soro, ber tilhengjarar av Ouattara om ikkje å gi etter for truslane frå troppane til Gbagbo.

– Statsministeren ber folket mobilisere og ikkje la seg bli stansa av dette diktaturet av stridsvogner, seier Soro.

Ouattara og Soro har bede sine tilhengjarar om å demonstrere i gatene og prøve å få kontroll over den Gbagbo-kontrollerte fjernsynsstasjonen RTI.

Soro gjentek dette og ber folket å «krevje informasjonsfridom og mangfald frå statlege media».

Ber Gbagbo trekkje seg

Både Gbagbo og Ouattara hevdar at dei vann presidentvalet førre månad.

Ouattara vart først kåra som vinnaren av valet. Dagen etter vart stemmer frå fleire område fjerna, og Gbagbo kåra som vinnar .

Før valet var Elfenbeinskysten prega av stor uro. Fleire personar vart drepne i skyteepisodar og opptøyar.

Landet s tengte grensene på grunn av bråket. Både USA-president Barack Obama, FN-generalsekretær Ban Ki-moon og det vestafrikanske ECOWAS-samarbeidsrådet seier Ouattara er den klare vinnaren av valet, og har bede Gbagbo om å gå av.

SISTE NYTT

Siste nytt