Hopp til innhold

Filmfotograf drepen på Alec Baldwin-innspeling i USA

Ein filmfotograf er død og regissøren skadd etter å ha vorte skotne under innspeling av Alec Baldwins film «Rust». Baldwin skaut, opplyser politiet. Dei prøver no å finne ut om hendinga var ei ulukke.

Skuespilleren Alec Baldwin

FYRTE AV SKOTA Alec Baldwin speler hovudrolla i filmen «Rust». Baldwin er også produsent for filmen.

Foto: Lucy Nicholson / Reuters

Den 42 år gamle filmfotografen Halyna Hutchins vart send til sjukehus, der ho vart stadfesta død.

Den jamgamle regissøren Joel Souza vart send til sjukehus og fekk der akuttbehandling. Tidleg fredag morgon skreiv Reuters at Souza vart send heim frå sjukehuset.

Det var Baldwin sjølv som fyrte av våpenet, opplyser polititalsmann Juan Ríos.

Filmsettet der skytinga skjedde. Foto: KOAT/NEWS NATION

Ingen sikta

Ríos opplyser at politiet prøver å finne ut om hendinga var ei ulukke. Det er ingen siktingar i saka og etterforskinga er open, påpeikar politiet i ei pressemelding.

Alec Baldwin på filmsettet under innspelinga av filmen "Rust".

Alec Baldwin på filmsettet. Filmen spelast inn på Bonanza Movie Ranch, ein kjend innspelingsstad i Santa Fe, New Mexico.

Foto: Dallas District

Ei etterforskingskjelde seier til avisa Santa Fe New Mexican at 63 år gamle Baldwin, som også er produsenten av filmen, har vore i politiavhøyr.

Ein fotograf og journalist frå avisa såg Baldwin gråtande, skriv avisa.

Ein talsperson for Baldwin seier at ulykka skjedde som følgje av at eit våpen med lausskot som vart brukt i innspelinga, vart fyrt av ved eit uhell.

Produksjonen av westernfilmen «Rust» er mellombels stansa som følgje av hendinga torsdag.

Alec Baldwin og resten av crewet under innspillingen av Rust

Bilete frå innspelinga av westernfilmen Rust, som Alec Baldwin la ut på Instagram 14. oktober. Han står sjølv midt på biletet med ein lys hatt i handa.

Foto: alecbaldwininsta/francesfisher / Instagram

Knust

«Alle på filmsettet er fullstendig knust over dagens tragedie, og vi sender våre djupaste kondolansar til Halyna's familie og nære vennar», skriv filmselskapet Rust Movie Productions LLC, i ei fråsegn. «Vi har stansa produksjonen av filmen på ubestemt tid, og vi samarbeider med politiet i Santa Fe på alle måtar», skriv dei.

Presidenten i filmfotografanes fagforeining, John Lindley, er i djup sorg etter det som har skjedd.

– Vi har teke imot dei tragiske nyheitene i kveld om at eit av våre medlem, Halnya Hutchins, har mista livet etter skader ho fekk på settet. Dette er eit forferdeleg tap, og vi sørger over tapet av eit medlem av vår fagforeiningsfamilie, skreiv han i ei fråsegn.

– A rising star

Halyna Hutchins var frå Ukraina og vaks opp i ein sovjetisk militærbase. Ho studerte journalistikk i Kiev, og film i Los Angeles, og var kalla «a rising star» av The American Cinematographer magazine i 2019.

Ho var sjefsfotograf på filmen, og har også vore det på fleire andre filmar, mellom anna filmen «Archenemy». Regissøren for filmen Adam Egypt Mortimer skriv på Twitter:

Halyna Hutcher, filmfotografen som ble skutt av Alec Baldwin under en filminnspilling

– Eg er så lei meg for å ha mista Halyna. Og så rasande for at noko slikt kunne skje under ei innspeling. Ho var eit briljant talent som levde for kunst og film.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP